Instruktør: Ingrid Lingaas Fossum
I Valdres finn vi ein ubroten langeleiktradisjon som går fleire hundreår tilbake, men vi veit at det også er spelt langeleik i mange andre område i landet. I år kan du få med deg langeleiklåttar frå tre ulike dalføre på Hilme. Vi skipar til kurs i spel frå Valdres, Gudbrandsdalen og Hallingdal. Desse kursa er for deg som har spelt noko langeleik frå før. Treng du låne instrument, kan du ta kontakt – vi har nokre instrument til utlån.
Ingrid Lingaas Fossum er ein av våre mest markante langeleikutøvarar. Ho er aktiv som soloutøvar og ho er også i finne i eit utal samspelprosjekt. Ingrid vart kåra til årets folkemusikar i 2025, og no kjem ho for å lære bort sine finaste valdreslåttar til deg!
Velkomen på kurs!
Fakta:
- Onsdag 8. juli klokka 15.30–18.00
Foto: Cathrine Dokken