Kappleik for juniorar
Kappleiken har heilt sidan starten i 1960 vore ein svært viktig del av Jørn Hilme-stemnet. Og det er den framleis! I år går kappleiken for juniorane føre seg på Trykkeriet kulturarena. Der er det gratis inngang for alle publikummarar. Vel møtt til kappleik!
Pris for deltakarar:
For juniorar som ikkje har delteke på Strunekveko er prisen 150 kr. Strunkeelevane deltek gratis. Deltaking på kappleik gjev også gratis inngang på Sommarkveld på Valdres folkemuseum fredag kveld.
Påmeldinga opnar måndag 1. juni, og du kan melde deg på fram til onsdag 8. juli. Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Erland Voldhaug Andersen: erlandva@hotmail.com. Startlister blir publisert på nettsider, Facebook og på festivalkontoret dagen før tevlinga.
Ynskjer de å melde på juniorlag til lagdansen, sender de ein epost til Erland Voldhaug Andersen: erlandva@hotmail.com
Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei med høgast poengsum – uavhengig av klasse (junior og senior) – går vidare til finalespel på museet laurdag kveld.
Kappleiken har totalt ni klasser:
Open klasse
Eldre folkemusikkinstrumentHalling
Hardingfele / vanleg fele
Pardans
Samspel av alle slag
Toradar/trekkspel
Vokal
Lagdans (går føre seg på museet laurdag kveld)
Foto: Cathrine Dokken
Start: Fredag 10. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 19.00
Stad: Trykkeriet kulturarena, Fagernes sentrum
Pris: Gratis inngang for publikum
Kappleik for senior
Kappleiken har heilt sidan starten i 1960 vore ein svært viktig del av Jørn Hilme-stemnet. Og det er den framleis! I år går tevlingane til seniorane føre seg på Trykkeriet kulturarena. Der er det gratis inngang for alle publikummarar. Sjokoladekappleiken, lagdans og finalespel går føre seg under Sommarkveld på Valdres folkemuseum laurdag.
Vel møtt til kappleik!
Pris for deltakarar:
For seniorar kostar det 300 kr å delta. Deltaking på kappleik gjev gratis inngang på Sommarkveld på Valdres folkemuseum laurdag. Lagdansarar som ikkje har delteke på kappleik tidlegare kjøper ein eigen lagdansbillett på stemnekontoret som gjeld for heile kveldsarrangementet på Valdres Folkemuseum.
Påmeldinga opnar måndag 1. juni, og du kan melde deg på fram til onsdag 8. juli. Lagdans melder seg på med ein epost til: erlandva@hotmail.com
Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Erland Voldhaug Andersen erlandva@hotmail.com. Startlister blir publisert dagen før tevlinga.
Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei tre med høgast poengsum – uavhengig av klasse – går vidare til finalespel laurdag kveld på Valdres Folkemuseum.
Kappleiken har totalt ni klasser:
Open klasse
Eldre folkemusikkinstrument
Halling
Hardingfele / vanleg fele
Pardans
Samspel av alle slag
Toradar/trekkspel
Vokal
Lagdans
Foto: Anders Lillebo
Start: Laurdag 11. juli kl. 10.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 18.00
Stad: Trykkeriet kulturarena, Fagernes sentrum
Pris: Gratis inngang for publikum
Go’kar-tevling
Bur det ein go’kar i deg? Kan du strekke kalveskinn og spenne revkrok?
Bli med på Go’kartevling i Fagernes sentrum laurdag midt på dagen. Tradisjonen tru møtest go’karar og go’kvinner frå heile landet til uformell, men prestisjetung kappestrid. Her vinn den som spenner høgast, hoppar lengst og vrir og vrengjer mest på seg i tråd med tradisjonen.
Er du ein go’kar? Meld deg på før kl. 12.00 på Skiferplassen.
Om du, som dei fleste av oss, ikkje kan nokon av desse triksa, så kom og sjå!
Foto: Eva Karlsson
Start: Laurdag 11. juli kl. 12.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 13.00
Stad: Skiferplassen, Fagernes sentrum
Pris: Gratis
Utekappleik og finalespel
Det er duka for eit skikkeleg publikumsfrieri når lagdansarar og finalistar entrar kappleiksscena!
Her vil junior og seniorlag møtast til ein venskapeleg kappestrid - kven har det best trimma laget? Kven stiller med best sus i serken, svikt i steget og finast ring?
Etter lagdansen får vi møte dei tre beste innslaga frå kappleiken i årets finalespel der det skal avgjerast kven som stikk av med den gjeve topplasseringa på Hilmekappleiken 2026.
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Start: Laurdag 11. juli kl. 20.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 21.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum
Premieutdeling
Foto: Anne Marte Før
Tradisjonen tru rundar vi av Jørn Hilme-stemnet med ein real spenningstopp av ei premieutdeling!
Det skal delast ut premiar frå lokale handverkarar, samt gode doser heider og ære til dei beste!
Start: Sundag 12. juli kl. 14.00
Slutt: Sundag 12. juli kl. 15.00
Stad: Festsalen/Valdres folkemuseum
Pris: Gratis