Mamelukk og Barokksolistene: «The Dancers’ Brew»– ein fest av ei forestilling!


Mamelukk og Barokksolistene: «The Dancers’ Brew» 

Hilme året rundt er glade for å presentere denne produksjonen i samarbeid med Musikk i Innlandet. Med «våre eigne» folkedansar Silje Onstad Hålien (koreograf og kunstnarisk leiar), Anita Vika Langødegård, Brigitte Blomlie og Silje Risdal Liahagen i Mamelukk Dansekompani som saman med Baroksolistene skapar ein ei forrykande forestilling!

I oktober blir det endeleg Innlandet-premiere på The Dancers Brew, ein produksjon med to av Norges ledande ensemble innan sine felt, musikkensemblet Barokksolistene og Mamelukk dansekompani. Publikum kan forvente ei sprudlande blanding av musikalske krumspring og danserisk virtuositet. I «The Dancers’ Brew» blandast tidlegmusikk, folkemusikk og dans i ei magisk og lekande forestilling.

Gjensidig beundring – Nyskapende samarbeid
Då Barokksolistene og Mamelukk dansekompani møttest for et spontant samarbeid Den Ny Opera i Danmark sommaren 2023 fann dei umiddelbart tona. Boblande av gjensidig beundring og inspirasjon har dei no kokt saman eit heilt nytt samarbeidsprosjekt, “The Dancers’ Brew”, der drikkeviser og slåttestev virvlast opp, og musikarar og dansarar smelter saman i ei forestilling full av leik og nyskaping.

Om utøvarane:
Om Mamelukk dansekompani
Mamelukk dansekompani består av sterke, kvinnelege dansaren med en felles kjerne i folkemusikk og -dans. Kompaniet er kjent for si saumlause samanfletting av musikk, dans, tradisjon og samtid. Utforsking av musikalitet, stemmebruk og feminin tolking av bevegelsesmateriale med rot i folkedansen står sentralt i kompaniets kunstnariske uttrykk. Kunstnarisk leiar for Mamelukk dansekompani, Silje Onstad Hålien, er kjent for å gjera folkemusikken og -dansen tilgjengeleg for eit bredt publikum.

Mamelukk Dansekompani: Silje Onstad Hålien, Anita Vika Langødegård,Brigitte Blomlie, Silje Risdal Liahagen

Om Bjarte Eike og Barokksolistene
Bjarte Eike er ein norsk barokkfiolinist som har gjort det stort i utlandet. Gjøvikensaren med ein søken etter å bryte ut av det «klassiske» mønsteret drog til England for å studere og knytte kontaktar. Saman med ensemblet Barokksolistene, som han starta i 2005, har han hatt eventyrleg suksess i utlandet, bl.a. med konseptet «The Alehouse Sessions», som vart til ein film vist i beste sendetid på BBC våren 2023. I 2025 feira Barokksolistene 20-årsjubileum med spennande prosjekt og framføringar både i Norge og internasjonalt. Bl.a. spelte dei konsert saman med Silje Onstad Hålien og Silje Risdal Liahagan i Royal Albert Hall, som en del av BBC Proms.

Barokksolistene: Bjarte Eike (NO) - fiolin, Milos Valent (SK) - fiolin/bratsj, Fredrik Bock (SE) - gitar/charango, Per Buhre (SE) - bratsj, Johannes Lundberg (SE) - kontrabass, Helge Andreas Norbakken (NO) - perkusjon, Steven Player (UK) - barokkgitar, Hans Knut Sveen (NO) - harmonium/ cembalo

Ein fest for publikum
Både Barokksolistene og Mamelukk er kjend for sine energiske framføringar og nyskapande arrangemen, i tillegg til ein eineståande evne til å kommunisere med publikum. Med eit repertoar som spenner frå sarte melodiar frå barokken til pulserande dansemelodiar, lovar dei å skape ein stemning som får både hjarte og føter til å danse.

- I denne forestillinga ønskjer vi å skape ei fortelling rundt korleis musikken og dansen er knytt til sosiale samkome, i det daglege men også i samanheng med livets store hendingar. Samtidig er det viktig for oss at publikum tar del i konsertane, og skjønner at dette faktisk foregår her og no, seier Bjarte Eike, kunstnarisk leiar for Barokksolistene, og Silje Onstad Hålien, kunstnarisk leiar og koreograf for Mamelukk dansekompani.

“The Dancers’ Brew” hadde premiere på Riksscenen oktober 2024, og er vist både under Osafestivalen og Førdefestivalen. Produksjonen er coprodusert av Musikk i Innlandet og Riksscenen. The Dancers’ Brew vann Folkelarmprisen for beste produksjon i 2025.

Foto: Knut Utler

Arrangørar: Musikk i Innlandet og Hilme året rundt

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Laurdag 17. oktober kl. 19.00
Slutt: Laurdag 17. oktober kl. 21.00
Stad: Fagernes kulturhus og Kino
Pris: Ordinær: 375. Honnør: 275. Student: 200. Under 25år: 200. UngINN (13-21år): 100.