Dei reisande sin kulturkveld


Konsert med Laila Yrvum

I mange bygder i Sør-Noreg – inkludert Valdres – har tatarar/romanifolk gjennom hundreåra reist gjennom, arbeidd, handla og hatt kontakt med lokalbefolkninga. Dei reisande har vore ein del av det historiske kulturlandskapet i Valdres, men det finst lite dokumentasjon på dette i musea. No inviterer vi til dei reisandes kulturkveld - med kulturelle innslag, foredrag og konsert! Kanskje har publikum også minner, foto eller erfaringar dei vil dele? Alle er velkomne!

I Valdres blir det òg konsert med Laila Yrvum. Yrvum har gjennom over 20 år som songar og folkemusikar vore ein av våre fremste formidlarar av romanifolkets kultur. Ho er sjølv frå ei kjend musikar- og kunstnarslekt med røter på Tynset og Nordmøre, og er direkte etterkomar etter kjende spelemenn som Fant-Karl og Spel-Fredrik. Etter debutplata Gia (som tyder «syng» på romani) har ho gitt ut fleire kritikarroste plater, samt boka Viser på vandring, der ho formidlar sin eigen song- og musikktradisjon. Yrvym kjem saman med Leiv Solberg, Oluf Dimitri Røe og Christin Andersen. 

Meir informasjon om arrangementet finn du her: Valdresmusea.

Arrangørar: Valdresmusea, Innlandet fylkeskommune, Hilme året rundt, Taternes Landsforening, kunstnarane Helen Borge Johansen og Hilde Iren Borge, samt andre interesserte i lokalmiljøa
Gratis!

Hilme året rundt
Start: Tysdag 8. september kl. 18.30
Slutt: Tysdag 8. september kl. 21.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Pris: Gratis