Konsert med Østerlide
Østerlide består av songaren Liv Ulvik, Andreas Haddeland, gitarar og Ulrik Ibsen Thorsrud på slagverk. Når folkemelodiane og -historiene formast på nytt i Østerlide si lydverd får dei nye sjatteringar av fargar, lys og skugge, men er framleis dei same: – Nye og gamle på same tid! Østerlide kler folkemelodiane i nye drakter, av florlette, såre, lyse, mørke, sterke og røffe fabrikat. Skimrande som sol på vatn snor vokal og klokkespel seg rundt drypande perler av gitar. Lyse og eteriske lydbilde avløysast av drivande gitarriff og perkusjon på full guffe. Vi får servert bloddrypande historier frå mørkaste middelalder, mirakel og gjengangar, kjærleik og inderleg himmel-lengsel. I sentrum står som før dei uslitelege og tidløse folkemelodiane som er forma og slipt gjennom århundrer.
«Liv Ulviks svimlande vakre kveding møter det botnsolide kompet Andreas Haddelands strenger og Ulrik Ibsen Thorsruds perkusjon, og saman lagar dei fascinerande og fengslande musikk» (Folkemusikk)
Foto: Thor Brødreskift
Konserten er støtta av Norsk Kulturråd og Innlandet fylkeskommune
Arrangerast i samarbeid med Valdres folkemuseum