Jørn Hilme-stemnet går kvart år føre seg over åtte dagar og har arrangement fleire stader i Valdres. Her kjem ein liten oversikt over dei ulike arenaene og kort om tilgjengelegheit.
Du kan også sjå eit kart over våre arenaer her. På kartet kan du trykke på Hilme-ikonet og sjå meir info. Trykk her for å kome til kartet.
Valdres Folkemuseum
Hovudarenaen har i alle år vore Valdres Folkemuseum, landets fjerde største friluftsmuseum.
Museet ligg på ei stor halvøy som stikk ut i Strandefjorden og har ei samling på over 100 historiske hus. Mange av desse husa blir brukt til konsertar, kurs, framsyningar og ikkje minst til dans til langt på natta. Desse rammene har vorte ein sterk del av identiteten til Jørn Hilme-stemnet, på same måte som Jørn Hilme-stemnet er ein del av identiteten til museet.
Tilgjengelegheit
Det er eigne parkeringsplassar ved hovudinngangen til Valdres Folkemuseum, der er det også eigne plassar for HC-parkering (mot synleg bevis). Dersom parkeringsplassane ved museet skulle vere heilt fulle, er det også mogleg å parkere i Fagernes sentrum, til dømes i parken eller ved bensinstasjonen langs fjorden.
Vidare på museumsområdet er det trinnfri tilkomst til festivalkontoret som ligg i Velkomstbygget. Der er det også universelt utforma toalett og trinnfri tilkomst til Fjordkafeen og Festsalen.
Museumsområdet består av grusa vegar med . Teltområdet på festplassen og Slidrehuset har god tilkomst for rørslehemma, medan Rognebygningen og Høyne er gamle museumshus med høge tersklar og smale døropningar.
Jaslangen
Jaslangen er eit stølslag i Vestre Slidre kommune, ein liten times kjøring frå Fagernes. Her finn ein levande stølar i storslått natur. Solefallskonserten har vakse til ein publikumssuksess der folk i hopetal benkar seg i lyngheia medan sola sig sakte over Hemsedalsfjella.
Tilgjengelegheit
Konserten går føre seg i eit naturleg amfi med relativt bratt helling og naturleg vegetasjon. Ved behov kan ein køyre heilt fram til scena, og det er mogleg å sitte på grusbakken framom scena. Ta med eigen stol om det er naudsynt. Det er ikkje høve til å parkere ved scena, så bilen må køyrast tilbake og parkerast på anvist plass. Dersom de treng tilrettelegging utover dette, ta kontakt med oss i førekant av konserten.
Det er utedoar tilgjengeleg på området. Det er skilta til desse, og det er sti/grasbakke til doane. Ved behov for meir tilrettelegging må de ta kontakt på førehand.
Bolstad gard
I fjøset på Bolstad gard har Sissel og Jørgen laga til eit utruleg hyggeleg konsertlokale. Lokalet er passe intimt, og som publikum kjem ein tett på musikarane. Dette er garden der storspelemannen Torlef Bolstad vaks opp, så det sit mykje god musikk i veggane!
Tilgjengelegheit
Det er ikkje mogleg å parkere oppe ved fjøset, men ein kan parkere anten ved Malemester Jan Kristian Dalen (Gamlevegen 6, 2943 Rogne) eller ved gamle Coop Rogne (Bygdinvegen 1132, 2943 Kollstad). Der ifrå er det berre 5-10 minutter å gå til Fjøset. Dersom nokon treng skyss heil fram, kan dei ta kontakt med Sissel på telefon: 958 76 128
Fagernes sentrum
Trykkeriet Kulturarena
Trykkeriet kulturarena finn du i Skrautvålsvegen 15 i Fagernes sentrum. Trykkeriet er eit nyoppussa loka som til dagleg husar mellom anna kulturskulen. Her er det gode øvingsrom, og ein fin sal. Her blir det konsert med Sudan Dudan på onsdag og kappleik fredag og laurdag.
Tilgjengelegheit
Trykkeriet har universell utforming og foaje, konsertsal og toalett i er samla på eitt plan. Det er parkeringsplassar rett utanfor inngangen til Trykkeriet, i tillegg er det fleire plassar i sentrum, t.d. i parken.
Kulturhuset
Kulturhuset i Fagernes sentrum er arena for avslutningskonserten til Strunkeveko. Her er det også kort avstand til alle tilbod i Fagernes.
Tilgjengelegheit
Kulturhuset er godt tilrettelagt med trinnfri tilkomst og HC-toalett tilgjengeleg. Inne i sjølve salen er det fastmonterte stolrader og trapper, men fyrste rad er på golvnivå. Ta kontakt med post@strunkeveko.no om det er behov for å halde av plassar her.
Det er godt med parkeringar i sentrum, i kort avstand frå Kulturhuset. Det er også merka HC-parkering utanfor Kulturhuset.
Fagernes kulturpub
Fagernes kulturpub finn du i kjellaren til Fagernes landhandel. Dette er eit intimt kjellarlokale som er perfekt for uformelt buskspel og triveleg samkome.
Tilgjengelegheit
Det er trapp ned til publokalet. Det er gode parkeringsmoglegheiter rett utanfor lokalet.
Foto: Ingvil Skeie Ljones