
Ministrunk onsdag
Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje, ministrunken ventar på deg!
Foto: Anne Marte Før
Valdres Folkemuseum på Fagernes er den idylliske arenaen for todagarskurset Ministrunken for barn i alderen 6–11 år. Det er påmelding til Ministrunken, og alle kurs brukar å bli fylt opp.
Under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen. Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Jørn Hilme-stemnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.
Torsdag får ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!
Å vera med på Ministrunken kostar 1.100 kr, og inkluderer mat, instruksjon og konsertar. For påmelding, sjekk Strunkeveko sine nettsider her!
Kursdagar 2026:
Onsdag 8. juli kl. 10.00–15.00
Torsdag 9. juli kl. 10.00–15.00
Småfolk
Start: Onsdag 8. juli kl. 10.00
Slutt: Onsdag 8. juli kl. 15.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: 1100
Mikrostrunk onsdag
Ikkje gamal nok til Ministrunken? Fortvil ikkje! Mikrostrunken er eit todagarskurs for dei aller minste!
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Onsdag 8. juli og torsdag 9. juli frå kl. 11.30 til 13.00 står folkemusikalsk leik, dans, song, eventyr og moro på timeplanen for ungar i alderen 3 til 5 år. Dyktige instruktørar gjev ungane eit flott møte med folkemusikken og folkedansen.
Les meir om Mikrostrunken på sidene til Strunkeveko. Les meir her.
Valdres Folkemuseum er arena for Mikrostrunken.
Kursdagar:
Onsdag 8. juli kl. 11.30–13.00
Torsdag 9. juli kl. 11.30–13.00
Småfolk
Start: Onsdag 8. juli kl. 11.30
Slutt: Onsdag 8. juli kl. 13.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: Gratis
Småfolk 1: Hans, Jo!
Hans Hulbækmo og Jo Einar Jansen elskar å leike med musikk. Når dei er ute på musikalske turar, blir gjerne vegen til medan dei går. Og no kan du få vere med på turen!
Dei fleste slåttane har dei laga sjølve, men dei har òg med nokre tradisjonelle melodiar frå Tolga, Trøndelag og områda bort mot Sverige og Finland.
Hans og Jo Einar vaks opp i kvar sin musikkfamilie. Mødrene deira song mykje, og det var dei som gjorde at gutane møttest då dei var små og lovande musikarspirar. Sidan så har Jo Einar studert folkemusikk i fleire nordiske land, og kanskje har du høyrt han i gruppene Moenje, Rim eller når han spelar styltefele saman med Kartellet? Hans spelar også i mange ulike band, og blant dei kan vi nemne Moskus og Reolo.
Velkomen til ei leiken og musikalsk reise!
Medverkande:
Hans Hulbækmo: kalebass, tamburin, munnharpe og mykje anna spennande perkusjon
Jo Einar Tobias Sterten Jansen: fele, oktavfele, song og strykeharpe
Foto: Tone Ingvaldsen
Småfolk
Start: Onsdag 8. juli kl. 14.30
Slutt: Onsdag 8. juli kl. 15.00
Stad: Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
Pris: Gratis
Ministrunk torsdag
Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje, ministrunken ventar på deg!
Foto: Anne Marte Før
Valdres Folkemuseum på Fagernes er den idylliske arenaen for todagarskurset Ministrunken for barn i alderen 6–11 år. Det er påmelding til Ministrunken, og alle kurs brukar å bli fylt opp.
Under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen. Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Jørn Hilme-stemnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.
Torsdag får ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!
Å vera med på Ministrunken kostar 1.100 kr, og inkluderer mat, instruksjon og konsertar. For påmelding, sjekk Strunkeveko sine nettsider her!
Kursdagar 2026:
Onsdag 8. juli kl. 10.00–15.00
Torsdag 9. juli kl. 10.00–15.00
Småfolk
Start: Torsdag 9. juli kl. 10.00
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 15.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: 1100
Mikrostrunk torsdag
Ikkje gamal nok til Ministrunken? Fortvil ikkje! Mikrostrunken er eit todagarskurs for dei aller minste!
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Onsdag 8. juli og torsdag 9. juli frå kl. 11.30 til 13.00 står folkemusikalsk leik, dans, song, eventyr og moro på timeplanen for ungar i alderen 3 til 5 år. Dyktige instruktørar gjev ungane eit flott møte med folkemusikken og folkedansen.
Sjå sidene til Strunkeveko for meir informasjon. Les meir her.
Valdres Folkemuseum er arena for Mikrostrunken. Oppmøte er på på grasbakken ved Jonshegge - rett innanfor inngangen til museet.
Kursdagar:
Onsdag 8. juli kl. 11.30–13.00
Torsdag 9. juli kl. 11.30–13.00
Småfolk
Start: Torsdag 9. juli kl. 11.30
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 13.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: Gratis
Småfolk 2: Avslutningskonsert for Ministrunken
Torsdag får ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!
Medverkande:
Deltakarane på Ministrunken
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Småfolk
Start: Torsdag 9. juli kl. 14.00
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 15.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum
Pris: Gratis
Småfolk 3: Dansetimen – dans for ungar
På Jørn Hilme-stemnet er det dans på mange golv!Dansetimen er ein uformell timesdans for dei yngste midt på dagen. Det er ikkje så viktig om du har dansa før, eller korleis du gjer det. Dans slik du vil! Anne Marit Jota og Signe Dorthea Krohn Gjessing står klare med fele, songstemmer og mange gode dansetriks.
Bli med i dansen!
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Småfolk
Start: Torsdag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 18.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum
Pris: Gratis
Småfolk 4. Prøv eit instrument!
På Jørn Hilme-stemnet møtest folk frå 0 til 100 år. Difor riggar vi til fleire tilbod til dei yngste! Det er trass alt dei som skal føre dansen og musikken vidare.
Møt opp i festivalteltet på Valdres folkemuseum for ei runde med prøving av ulike instrument og dans! Vårflaumen spel- og dansarlag står klare med feler, toradarar, langeleikar, dans og moro.
Kom og prøv, kanskje blir du hekta!
Medverkande:
Vårflaumen spel- og dansarlag
Foto: Anne Marte Før
Småfolk
Start: Fredag 10. juli kl. 12.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 13.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum
Pris: Gratis
Småfolk 5: Hallingline
Visste du at halling og linedans har mykje til felles? Var det nytt for deg? Då bør du få med deg denne forestillinga!
I Hallingline møtast halling, linedans, munnharpe og objektmanipulasjon i ei leiken nysirkusforestilling. Her møtast akrobatikk, tradisjon, humor og fysisk virtuositet på ein måte som passar like godt for både unge og vaksne.
Vel møtt til ein forrykande start på festivalkvelden!
Medverkande:
Håkon Hemmer: akrobatikk, halling, munnharpe og meir til!
Småfolk
Start: Fredag 10. juli kl. 18.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 19.00
Stad: Festplassen, Valdres Folkemuseum
Pris: Inngang Sommarkveld på Valdres Folkemuseum (u.12 år gratis)
Småfolk 6: Eventyrstund i Småfolklavvoen
Ja kom alle sammen bli medVi flakser og bakser av stedTil eventyr land for å sePå jøtuler nøkler og nisser og trollOg dverger i tusende fold
I kveld kan du få bli med til Eventyrland! Saman med forteljar og folkesongar Signe Dorthea Krohn Gjessing er du invitert med på eventyrstund i Småfolklavvoen.
Vel møtt til ei magisk kveldstund!
Medverkande:
Signe Dorthea Krohn Gjessing
Foto: Anne Marte Før
Småfolk
Start: Fredag 10. juli kl. 19.30
Slutt: Fredag 10. juli kl. 20.15
Stad: Småfolklavvoen på Valdres Folkemuseum
Pris: Inngang Sommarkveld på Valdres Folkemuseum (barn under 12 år - gratis)
Småfolk 7: Sykkeli Lykkeli
Spinn, spinn, kanskje du finn… ei spinnvill forestilling på hjul!
I Sykkeli Lykkeli jaktar Silje Onstad Hålien og Arturo Tovar dei villaste rytmane, dei raraste lydane og dei største drakebrøla! Møt opp på Skiferplassen i Fagernes sentrum for å bli med på jakta!
Velkommen til ei sanseleg, interaktiv, utandørs førestilling som innbyr til undring og fantasi for liten og stor.
Medverkande:
Elisabet Topp - regi
Silje Onstad Hålien - koreograf og utøvar
Arturo Tovar - medskapande utøvar
Erlend Viken - komponist og musiker
Christine Lohre - scenograf
Signe Vasshus - kostymedesigner
Elefantteateret v/ Siri Dybwik og Nils Christian Fossdal - co-produsent
Rannveig Øygardslia - produsent
Foto: Kristin Åfløy Opdan
Småfolk
Start: Laurdag 11. juli kl. 13.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 14.00
Stad: Skiferplassen
Pris: Gratis
Småfolk 8. Småkappleik
Er du for ung til å stille på kappleik? Fortvil ikkje, i år blir det eigen småkappleik for dei yngste på Hilme! Her kan ein stille opp med song, dans og spel.
Vil du vere med? Så bra! Då melder du deg på festivalkontoret.
Framføringane blir lønte med vel fortent snop og gode råd frå Hilme sitt hyggelegaste dommarpanel!
Småfolk
Start: Laurdag 11. juli kl. 16.00
Slutt: Laurdag 12. juli kl. 17.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: Gratis
Småfolk 9: Sykkeli Lykkeli
Spinn, spinn, kanskje du finn… ei spinnvill forestilling på hjul!
I Sykkeli Lykkeli jaktar Silje Onstad Hålien og Arturo Tovar dei villaste rytmane, dei raraste lydane og dei største drakebrøla! Møt opp på Festplassen på Valdres Folkemuseum for å bli med på jakta!
Velkommen til ei sanseleg, interaktiv, utandørs førestilling som innbyr til undring og fantasi for liten og stor.
Medverkande:
Elisabet Topp - regi
Silje Onstad Hålien - koreograf og utøvar
Arturo Tovar - medskapande utøvar
Erlend Viken - komponist og musiker
Christine Lohre - scenograf
Signe Vasshus - kostymedesigner
Elefantteateret v/ Siri Dybwik og Nils Christian Fossdal - co-produsent
Rannveig Øygardslia - produsent
Foto: Kristin Åfløy Opdan
Småfolk
Start: Laurdag 11. juli kl. 18.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 19.00
Stad: Festplassen, Valdres Folkemuseum
Pris: Inngang Sommarkveld på Valdres Folkemuseum (ungar u. 12 år gratis)
Småfolk 10: Instrumentverkstad
Om du tek turen til Valdres Folkemuseum denne kvelden, kan du få vere med å lage ditt eige instrument!
Kjetil Myhren studerer til å bli felemakar, og han elskar å lage instrument i tre. Til Hilme kjem han med alt som trengs for å bygge instrument. Kom og prøv - kanskje blir du eit instrument rikare i løpet av kvelden?
Medverkande:
Kjetil Myhren
Foto: Eva Karlsson
Småfolk
Start: Laurdag 11. juli kl. 19.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 21.00
Stad: Småfolklavvoen, Valdres Folkemuseum
Pris: Inngang Sommarkveld på Valdres Folkemuseum (barn under 12 år - gratis)