Billettar kjøper du i Ticketco eller på festivalkontoret på Valdres Folkemuseum i festivalveka.
Foto: Anne-Marte Før
Billettypar
- FESTIVALPASS (torsdag–sundag)
Helgepass gjev inngang på konsertar og arrangement frå og med torsdag 9. juli til og med sundag 12. juli. Helgepass inkluderer ikkje kurs og avslutningsframsyninga til Strunkeveko. - KVELDSPASS (torsdag / fredag / laurdag)
Kveldspass gjev inngang på konsertar og arrangement éin kveld på Valdres Folkemuseum under festivalveka – anten torsdag, fredag, laurdag eller sundag. Kveldspass inkluderer ikkje kurs og avslutningsframsyninga til Strunkeveko. - ENKELTKONSERTAR
Til konsertane fyrst i festivalveka, samt søndag kjøper du enkeltbillett. Sjekk programmet! - KURS
Det er eiga påmelding til kursa. Gå inn på det aktuelle kurset, og bruk lenke til påmeldingssida. Påmeldinga opnar i løpet av april - KAPPLEIK
Informasjon om påmelding kjem. - LAGDANS
Skal du vere med på lagdans og du ikkje har tevla i kappleiken same dag, kjøper du ein rabattert billett når du går inn på området laurdag kveld. Ta kontakt med festivalkontoret, så ordnar dei billett til deg! Har du delteke på kappleiken på dagtid laurdag, eller du har kjøpt helgepass går du inn på det.
Gratis
• Gratis inngang for barn under 12 år til alle arrangement
• Gratis inngang på Valdres Folkemuseum for kappleiksdeltakarar den dagen dei tevlar (gjeld ikkje lagdans – eigen billett)
• Gratis inngang for publikum på kappleiken fredag og laurdag
• Foreldre til Ministrunken og Mikrostrunken, går gratis inn på museet kursdagane
• Gratis inngang til alle med ledsagerbevis
Vilkår
- Vilkår i samband med kjøp av billettar finn du her!