Kim Rysstad med band


Solefallskonserten på stølslaget Jaslangen er ein av Jørn Hilme-stemnet sine store publikumssuksessar, og det med god grunn. Til sommaren er det kvedaren Kim Rysstad som endeleg skal tonesette solefallet med sin nydelege song!  

Kim Rysstad er ein spelemannsnominert songar, kvedar og formidlar frå Rysstad i Setesdal. Mange kjenner Kim frå Stjernekamp 2019, der han fekk sitt definitive gjennombrot og vann andreplassen, men han har òg vore med på MGP to gonger, Beat for Beat og hatt to NRK1-sendte jolekonsertar i lag med Kringkastingsorkesteret. Denne hausten vitjar Kim kyrkjer og kulturhus landet rundt i lag med Rein Alexander og Elisabeth Andreassen i joleturneen «Deilig er jorden», som mellom anna kjem til Valdres i desember.

Meritterte samarbeidspartnarar

Rysstad har hatt mange samarbeid med andre artistar og musikarar som til dømes Trygve Skaug, Knut Reiersrud og Tord Gustavsen. Han har også sunge duettar med Silje Nergaard, Anne Grete Preus og ikkje minst Herborg Kråkevik. Jolealbumet Snøen laver ned, spelt inn med sjølvaste London Philharmonic Orchestra, og Draumkvedet med KORK har òg vore med på å setje røysta frå Setesdal på kartet. Til saman har Kim gjeve ut åtte album, og to av dei har vorte nominerte til Spellemannprisen.

Til Valdres med fullt band

Til Jaslangen kjem Kim Rysstad med fullt band, noko som opnar for store musikalske moglegheiter. Publikum kan vente seg ein stemningsfull og nær konsert under open himmel, med musikk frå Kims rikhaldige og varierte repertoar – alt frå folkemusikkens salmar og stev til MGP, country, eigne låtar og kanskje heilt ny musikk. Det er med andre ord duka for ein innhaldsrik og stemningsfull sommarkveld med dyktige musikarar!

Medverkande:
Kim Rysstad, vokal
Trym Bjønnes, gitarar, vokal
Jan Inge Nilsen, trommer
Per Erik Olsen, bass
Knut Ingolf Brenna, gitarar

Foto: Johannes Selvaag

KJØP BILLETT »


Start: Tysdag 13. juli kl. 20.30
Slutt: Tysdag 13. juli kl. 22.00
Stad: Jaslangen
Pris: JOLETILBOD Vaksen kr. 450,-