Instruktør: Gunnlaug Lien Myhr
I Valdres finn vi ein ubroten langeleiktradisjon som går fleire hundreår tilbake, men vi veit at det også er spelt langeleik i mange andre område i landet. I år kan du få med deg langeleiklåttar frå tre ulike dalføre på Hilme. Vi skipar til kurs i spel frå Valdres, Gudbrandsdalen og Hallingdal. Desse kursa er for deg som har spelt noko langeleik frå før. Treng du låne instrument, kan du ta kontakt – vi har nokre instrument til utlån.
Gunnlaug Lien Myhr har lagt ned ein enorm innsats for tradisjonsmusikken i Hallingdal. Lien Myhr er kjend som både songar, dansar og langeleikspelar, og ho har ein utruleg oversikt over kjelder og repertoar frå Hallingdal. Her vil ho lære bort langeleiklåttar frå Hallingdal – vel møtt!
Fakta:
- Fredag 10. juli klokka 10.00-12.30