Valdres Folkemusikkarkiv er det eldste regionalarkivet for folkemusikk i Noreg. Her er intervju, musikk- og danseopptak med felespelarar, langeleikspelarar, songarar og dansarar, frå 1940-talet og fram til i dag. Folkemusikkarkivet inneheld rundt 17 000 enkeltspor med song og musikk. Med denne skattekista om bord inviterer Valdres Folkemusikkarkiv og Jørn Hilme-stemnet til ein seminardag der ein har fokus på praktisk bruk av folkemusikkarkiva her i landet.
På seminaret blir det ulike innlegg, musikalske smakebitar og visning av mykje arkivgull. Arkivar ved Valdres Folkemusikkarkiv Frank Rolland leiar seminaret. Signe Dorthea Krohn Gjessing, Tom-Willy Rustad, Rasmus Kjorstad og Kjellbjørn Karsrud vil halde innlegg om korleis dei har nytta folkemusikkarkiva i sine arbeid.
Seminaret passar for studentar, pedagogar, utøvarar og generelt folkemusikk og -danseinteresserte.
Tidsplan:
Fredag 10. juli kl. 10.00 - 15.00