Instruktør: Daniel Sandén-Warg
Munnharpa, dette vesle instrumentet som du enkelt kan ta med deg på fest, har blitt svært så populært dei siste åra. Munnharpa har slektningar i heile verda, og på dette kurset har får du sjansen til å fordjupe deg i den rike og segnomsuste tradisjonen frå Setesdal. Interessert i å lære?
Daniel Sandén-Warg er ein drivande god spelemann på fleire instrument, og no kjem han med kurs i munnharpespel frå Setesdal. Kurset passar for deg som har spelt noko munnharpe frå før. Ta med munnharpe i A. Treng du låne instrument, tek du kontakt så snart som råd, vi har nokre instrument til utlån.
Daniel Sandén-Warg vil du sjå i festivalprogrammet fleire gonger i løpet av årets Hilme. Mellom anna skal han ha konsert saman med Kirsten Bråten Berg, og han vil spele opp til dans på Slidrehuset!
Fakta:
Torsdag 9. juli klokka 15.30–18.00
Foto: Cathrine Dokken