Jørn Hilme-stemnet er kappleik


I over 60 år har kappleiken på Jørn Hilme-stemnet vore ein viktig del av festivalen.

Foto: Cathrine Dokken

Påmeldinga skjer her! (ikkje opna enno)

Fredag 14. juli er det kappleik for juniorar. Laurdag 15. juli er det kappleik for seniorar – og rekruttar. Vi håpar de vil vere med!

Du kan melde deg på heilt fram til siste kappleiksdag laurdag 15. juli. Har du lyst til å delta, men er ikkje medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Marianne Trøyflat: marianne.gt@gmail.com | 988 18 871. Startlister blir publisert etter kvart.

For seniorar kostar det 200 kr å delta, for junior og rekrutt er prisen 100 kr. Strunkeelevane deltek gratis. Gratis inngang for alle publikummarar!

Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei med høgast poengsum – uavhengig av klasse – går vidare til finalespel. Vinnaren her tek med seg 10 000 kr medan andre- og tredjepremie er på 5 000 kr og 2 000 kr.

Kappleiken har totalt ni klasser.

  • Open klasse
  • Eldre folkemusikkinstrument
  • Halling
  • Hardingfele/vanleg fele
  • Pardans
  • Samspel av alle slag
  • Toradar/trekkspel
  • Vokal
  • Lagdans

Velkomen på kappleik!