Friske opp att gamle kunster?


Jørn Hilme-stemnet har ei rikhaldig kurspakke i spel og dans. Velkomen til landets beste sommarkurs for vaksne!

Foto: Cathrine Dokken

Information in english »

På Jørn Hilme-stemnet møtest publikum og artistar på tvers av generasjonar. Difor legg vi til rette for gode rekrutteringstiltak for vaksne i både spel og dans. Vi tilbyr kurs for vidarekomne og for dei som er heilt ferske. Mange er interesserte i å lære meir av noko dei begynte på i ungdomen, og somme er ute etter eit miljø der dei kan finne andre med same interesse.

Vi tilbyr kurs i tradisjonar som høyrer heime i Valdres, men òg tradisjonar frå andre delar av landet. I sommar kan du lære valdresspringar, springleik, gamaldans, pols, munnharpe, langeleik, toradar, hardingfele, seljefløyte og song. Kursdagane under Jørn Hilme-stemnet involverer dei fremste lærarkreftene innanfor dei ulike sjangrane.

Program:

ONSDAG 12. JULI
15.30 Kursa byrjar med samling og fordeling i grupper
17.30 Kursa ferdige

TORSDAG 13. JULI
14.00 Kurs
16.00 Felles kaffipause. Ta med niste!
17.00 Kurs
18.00 Kursa ferdige

FREDAG 14. JULI
10.00 Kurs
11.30 Kaffipause
12.00 Samtale/debatt
13.00 Kurs
15.00 Kursa ferdige
15.00 Felles lunsj i Munkekroen – vi spanderer!

Fakta om kursa:

  • Når: 12. juli–14. juli
  • Kvar: Valdres Folkemuseum, Fagernes
  • Pris: 1000 kr – som inkluderer lunsj fredag, samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag
  • Kurs i gamaldans er laurdag 15. juli, og kostar 200 kr
  • Påmelding: www.hilme.no

Velkomen til å lære noko nytt!

 

Onsdag 12. juli


15.30

Kurs i valdresspringar nybyrjarar
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

15.30

Kurs i valdresspringar vidarekomne
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

15.30

Kurs i springleik og pols
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

15.30

Kurs i hardingfele
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

15.30

Kurs i langeleik
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

15.30

Kurs i toradar
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

15.30

Kurs i song
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

15.30

Kurs i munnharpe
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

15.30

Kurs i seljefløyte
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

Laurdag 15. juli


14.00

Kurs i gamaldans
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes