Kurs i valdresspringar vidarekomne


Instruktørar: Tone Voldhaug og Stian Roland

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Valdresspringaren er ein av fleire såkalla bygdedansar. Dansen i Valdres har sitt særpreg: Dansen går i tredelt takt og har eit sett av ulike turar og tak som dansarane fritt kan plukke frå og setja saman. Dansen er svært populær på kappleik og dansefestar og blir dansa aktivt blant eldre og yngre. På kurset får du påfyll og inspirasjon til å lære valdresspringaren endå betre, med vekt på detaljar, heilskap, musikalitet og generell danseteknikk.

Stian Roland og Tone Voldhaug er to av dei fremste dansarane i Valdres. Dei har vunne Landskappleiken i både valdresspringar og bonde, og dei har halde eit utal kurs rundt om i landet. Båe står sterkt i valdrestradisjonen og har lært av og dansa med eldre utøvarar i miljøet. Kurset er for alle som har dansa springar før, og som meistrar takt og grunnsteg i valdresspringaren.

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
  • Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag
  • Spelemann: Mari Ormberg

Les meir om kurset her.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Onsdag 12. juli kl. 15.30
Slutt: Fredag 14. juli kl. 15.00
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: 1000 kr