Bu billeg, bu godt!


Jørn Hilme-stemnet har sin eigen festivalcamping midt i Fagernes sentrum.

Foto: Ingvil Skeie Ljones 

Bestill plass på festivalcampingen her!

Campingen ligg på den gamle idrettsplassen nede ved Strondafjorden. Her har vi plass til både bubilar, campingvogn og telt. Festivalcampingen har tilgang til straum, vatn og garderobeanlegg.

  • Telt kostar 100 kroner per døgn, og prisen inkluderer bruk av garderobeanlegg.
  • Bubil/campingvogn kostar 200 kroner per døgn, inkludert straum og bruk av garderobeanlegg.

Festivalcampingen er open frå onsdag 12. juli kl. 13.00 til sundag 16 juli. Har du spørsmål, ta kontakt med Ivar Hemsing på tlf. 481 28 610.

Når du kjøper billettar tikkar du av ein billett for kvar natt du skal vere på campen. Ta med deg kvitteringa til festivalkontoret på Valdres Folkemuseum. Her får du utdelt lappar som viser at du har betalt.

Ynskjer du festivalfrukost? Jørn Hilme-stemnet har eit samarbeid med Cafe Husfliden om frukostpakke til Hilme-folket. Ynskjer du frukostpakke må du bestille dette dagen før. Frukostpakka kostar 99 kroner. Du kan nå kafeen her.

Velkomen!