Korleis skal du reise og kvar skal du bu? Mat må du jo også ha!


 

MAT
Mat lyt'n ha! God mat og drikke høyrer med i festleg lag og Valdres bognar av lokal kvalitetsmat som finn vegen til festivalmenyen vår. På museet samarbeider vi med Munkekroen om matserveringa og både vi og dei er opptekne av lokalprodusert og økologisk mat og god utnytting av ressursane våre. På menyen finn du alltid vegetariske alternativ. Ta deg tid til ein pust i bakken med gode smaksopplevingar!

 

REISE
Fagernes, bygdebyen og regionsenteret i Valdres, ligg langs E–16, stamvegen mellom Oslo og Bergen, og reisetida frå store deler av Sør-Noreg er kort og kollektivtilbodet godt.

Vi vil gjerne at du reiser miljøvenleg! Søk opp kollektive reisetilbod til Fagernes skysstasjon frå alle kantar av landet her.

Kjem du med bil har vi godt med parkeringsplassar ved festivalcampingen, rundt om i Fagernes sentrum og ved Valdres Folkemuseum.

Til konserten på Jaslangen oppmodar vi publikum om å ta festivalbussen. Herleg avslappande!

 

OVERNATTING

Her har vi samla ulike alternativer for overnatting, men for utfyllande oversikt kan ein kontakte: 
Visit Valdres | 61 35 94 10

Festivalcamp
Hilme har sin eigen festivalcamp! Midt i sentrum, på den gamle idrettsplassen nede ved Strøndafjorden. Vi har plassar både til vogn og telt, samt straum og tilgang på garderobeanlegg. 

Campen er open frå første sundag kl. 13.00 til neste sundag kveld. Spørsmål kan rettast til Ivar Hemsing på tlf. 481 28 610. 

Når du førehandsbestiller plass, kjøper du ein billett for kvar natt. Når du kjem til festivalen, viser du kvitteringa på festivalkontoret og får med deg merking til telt/vogn slik at vaktene våre kan sjå at du har betalt. Kjøp plass på festivalcampen her.

Øvrige overnattingstilbod

Camping: 

Fagernes camping
Ligg på Fagernes, like ved Valdres Folkemuseum
61 36 05 10
Campingplassen ynskjer ikkje bråk og festing.

Leira camping og hyttesenter
4 km frå Fagernes mot Oslo
61 36 10 00

Strandheim hyttetun og camping, Leira
5 km frå Fagernes mot Oslo/Gol
907 52 561

Fossen Camping
6,5 km frå Fagernes mot Beitostølen
61 36 35 34

Søndre Svennes Camping
6,5 km frå Fagernes i retning Bergen
61 36 30 88

Aurdal fjordcamping og hytter
15 kilometer frå Fagernes mot Oslo
Hytter for 6–7 personar med bad; hytter utan bad for 4+ eller 2+ personar.
61 36 52 12

Hotell og pensjonat: 

Scandic Valdres
Ligg i Fagernes sentrum
61 35 80 00

Fagerlund hotell
Ligg i Fagernes sentrum
61 36 18 58

Nythun høyfjellstue og ferieleiligheter
13 km frå Fagernes i retning Gausdal
61 35 79 30

Furulund pensjonat
15 km frå Fagernes i retning Bergen
909 65 669