Miljøsertifisering


Miljøengasjement

I jubileumsåret 2020 blei Jørn Hilme-stemnet sertifisert som miljøgodkjent arrangement!

Folkemusikken og -dansen har lange tradisjonar for å ivareta og bera vidare -og dette inspirer oss også i miljøarbeidet vårt som «Miljøgodkjent arrangement»– ei utmerking for arrangørar som vil redusere arrangementets klimaavtrykk.

Vi inviterer deg med på laget der du som gjest på arrangementa våre kan hjelpe oss med dette. Under kan du lesa meir om ordninga og korleis du kan bidra.

 

MILJØGODKJENT ARRANGEMENT – KVA ER DET?

Miljøgodkjent arrangement er ei utmerking for arrangørar som vil redusere miljøavtrykket. Arrangøren må arbeide med forbetring innan 8 område:

  1. Planlegging og kommunikasjon
  2. Innkjøp
  3. Mat og drikke
  4. Avfall
  5. Energi og klima
  6. Transport
  7. Vatn
  8. Anna

 

TRANSPORT
Vi vil gjerne at du reiser miljøvenleg! Fagernes, bygdebyen og regionsenteret i Valdres, ligg langs E–16, stamvegen mellom Oslo og Bergen, og reisetida frå store deler av Sør-Noreg er kort og kollektivtilbodet godt.

Søk opp kollektive reisetilbod til Fagernes skysstasjon frå alle kantar av landet her.

Til konserten på Jaslangen oppmodar vi publikum om å ta festivalbussen.

 

AVFALL

Vi arbeider for at mest muleg av avfallet frå arrangementet blir sortert og resirkulert. Takk for at du hjelper oss med sorteringa av avfallet!

 

MAT OG DRIKKE
God mat og drikke høyrer med i festleg lag og vi bruker i stor grad lokal kvalitetsmat i festivalmenyen vår. På museet samarbeider vi med Munkekroen om matserveringa og både vi og dei er opptekne av lokalprodusert, økologisk mat og god utnytting av ressursane våre. På menyen finn du også vegetariske alternativ.