Kurs i valdresspringar og bonde for vidarekomne torsdag


Instruktørar: Stian Roland og Tone Voldhaug

Valdresspringar og bonde er to av fleire såkalla bygdedansar. Valdresspringaren har sitt særpreg: Dansen går i tredelt takt og har eit sett av ulike turar og tak som dansarane fritt kan plukke frå og setja saman. Dansen er svært populær på kappleik og dansefestar og blir dansa aktivt blant eldre og yngre. Bonde er ein gamal, men artig dans som kan minne noko om springar, men i staden for å springe i tredelt takt, går ein i todelt tak. Omlag som ein roleg halling der ein dansar to og to saman (bunde - bonde). 

På kurset får du påfyll og inspirasjon til å lære både valdresspringar og bonde endå betre, med vekt på detaljar, heilskap, musikalitet og generell danseteknikk.

Kurset er for alle som har dansa springar og noko bonde før, og som meistrar takt og grunnsteg i valdresspringaren.

Stian Roland og Tone Voldhaug er to av dei fremste dansarane i Valdres. Dei har vunne Landskappleiken i både valdresspringar og bonde, og dei har halde eit utal kurs rundt om i landet. Båe står sterkt i valdrestradisjonen og har lært av og dansa med eldre utøvarar i miljøet. Med seg har dei Jan Beitohaugen Granli som vil sørgje for stødig dansespel. 

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Torsdag 9. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 10. juli klokka 10.00–14.00
  • Pris: 900 kr

Foto: Anders Lillebo

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Torsdag 9. juli kl. 14.00
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 18.00
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 900 kr