Kurs i valdresspringar nybyrjarar


Instruktørar: Anne-Marit Røn og Ole Aastad Bråten

Foto: Cathrine Dokken

Valdresspringaren er kjend som ein frisk og kraftfull dans. Noko for deg? Eit kurs vil gje deg grunnlaget for det aller viktigaste, nemleg å danse på fest! På kurset får du inspirasjon til å lære grunnelementa i valdresspringaren, med vekt på takt og turar. Kurset er for alle som vil lære dei grunnleggande elementa i valdresspringaren. Du melder deg enkelt på via billettknappen på denne sida.

Ole Aastad Bråten er folkedansar og folkemusikar, har vunne A-klassen i springar og klassen for langeleik mange gonger. Han har undervist i valdresspringar fleire gonger – i Noreg og i utlandet. Anne-Marit Røn er òg ein av dei fremste folkedansarane i Valdres i dag. Ho har delteke på kappleikar, har dansar for turistar og undervist i springarsteg eit utal gonger.

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
  • Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag
  • Spelemann: Jan Beitohaugen Granli

Les meir om kurset her.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Onsdag 12. juli kl. 15.30
Slutt: Fredag 14. juli kl. 15.00
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: 1000 kr