Foto: Anne Marte Før

Konsertvandring i Fagerdalen - med mat


Vi gjentek suksessen frå i fjor, og sparkar festivalveka i gang med ei konsertvandring i Fagerdalen. Med både kjentmann og spelemann på laget, blir dette ei uforgløymeleg vandring i storstilte og segnomsuste fjellområde.

Foto: Anne Marit Noraker

Fagerdalen er ein liten sidedal i Jotunheimen, vest og opp for fjellvatnet Bygdin. Fagerdalen er naturen – og kulturen, og namnet på ein lått. Springaren Fagerdalen finst i fleire variantar over heile landet. I Flesberg er han kjent som «Flesbergen», i Telemark spelar dei «Nisien». I Valdres var låtten før i tida kalla «Bikkjelåtten», før spelemannen Ola Okshovd bygde han om og vida han ut. Okshovd seier sjølv på eit arkivopptak i Valdres folkemusikkarkiv at «e ska spela Fagerdal'n. De e ein lått så e sette navdn på ei gång e va uppi Jøtunheime».

Turen startar kl. 11.00 frå Bygdin Høifieldshotel. Undervegs blir det prat og musikk. Middels krevjande tur på 10 km. Ta med nistepakke, godt med drikke og eit sitjeunderlag. Fjellsko er beste fottøyet. Turvert for dagen er kjentmann Tor Harald Skogheim frå Øystre Slidre. Han er eit levande leksikon når det gjeld kunnskap om fjella, naturen og kulturen. Med seg har han den meritterte spelemannen Jan Beitohaugen Granli, som vil diske opp med passande musikk undervegs.

Etter turen serverer vertskapet på Bygdin Høifieldshotel nydeleg middag til fornøgde turgåarar. Maten byrjar klokka 16.00. Er du allergikar, ta kontakt, så finn vi løysingar.

Vandring, mat og konsert: 900 kr
Konsert: 300 kr

Medverkande:
Tor Harald Skogheim, turvert
Jan Beitohaugen Granli, musikar

KJØP BILLETT »

KJØP VEKEPASS »


Start: Sundag 7. juli kl. 11.00
Slutt: Sundag 7. juli kl. 18.00
Stad: Fagerdalen og Bygdin
Pris: Sjå tekst

Konsert: «I Oletjedn, i Olekinn» med Oddrun Hegge, Gunvor Hegge og Ingebjørg Hegge Bratrud


Den eldste daterte langeleiken som er funnen har 500 – årsjubileum i år. Dette vil vi markere med fleire konsertar, kurs og framsyningar der langeleiken står i sentrum. Dette noko beskjedne instrumentet rommar meir enn ein kanskje skulle tru, og det ynskjer vi å vise fram!

Fyrst ut er denne konserten med tre blad Hegge som saman forvaltar stolte langeleiktradisjonar frå Øystre Slidre. På denne konserten vil de få høyre langeleikspel og forteljingar som kallar fram stemningar og bilete frå stølslivet og fjellheimen. Dei vare tonane frå langeleiken vil smyge seg innunder huda til alle som kjem til Bygdin Høifieldshotel denne kvelden.

Vel møtt!


Konsert: 300 kr

Medverkande:
Gunvor Hegge, langeleik
Oddrun Hegge, langeleik
Ingebjørg Hegge Bratrud, langeleik

KJØP BILLETT »

KJØP VEKEPASS »


Start: Sundag 7. juli kl. 18.00
Slutt: Sundag 7. juli kl. 19.00
Stad: Bygdin Høifieldshotel
Pris: Sjå tekst

«Treskalle» opningskonsert med lærarane på Strunkeveko


Strunkeveko har dei beste lærarane, og desse må få vise seg fram!


Strunkeveko har utvikla seg til å bli det største sommarkurset i folkemusikk og folkedans med nær 100 elevar kvart år. På Strunkeveko får elevane kunnig kursing av dei beste lærarane, og ikkje minst får dei venskap som varar livet ut, i eit stort og triveleg folkemusikkmiljø. I tillegg til at lærarane er gode, er dei ofte unge. Fleire av dei er profesjonelle utøvarar som har pedagogisk erfaring som instruktørar. Mange kan òg vise til sigrar frå Landskappleiken.

Velkomen til ein inspirerande og leikande konsert for heile familien.

Medverkande:
Lærarane på Strunkeveko

KJØP BILLETT »


Start: Sundag 7. juli kl. 19.30
Slutt: Sundag 7. juli kl. 21.00
Stad: Merket/Tisleidalen
Pris: 160 kr

Konsert: «Farande fant» med Alexander Aga Røynstrand


Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøverane på hardingfele i landet og kan smykke seg med tittelen meisterspelemann. På Landskappleiken i 2019 gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal.

Foto: Knut Utler

Hans musikalske uttrykk byggjer på det tradisjonelle hardingfelerepertoaret i Hardanger med Knut Hamre og Anders Kjerland som dei fremste ideala. Han har likevel gjennom mange år som solo hardingfelespelar funne fram til personlege tolkingar, og er særs oppteken av kva han ynskjer å formidle gjennom musikken.

Denne gongen tek han med felene sine til låven på garden Bolstad i Rogne. Dette var heimgarden til storspelemannen Torleiv Bolstad, som også har vore ei stor inspirasjonskjelde for Alexander.

Vel møtt til ein konsert med historisk sus, gode historier og drivande felespel på Bolstad!

Medverkande:
Aleksander Olavsson Røynstrand, hardingfele

KJØP BILLETT »

KJØP VEKEPASS »


Start: Måndag 8. juli kl. 19.00
Slutt: Måndag 8. juli kl. 20.30
Stad: Bolstad/Rogne

Hekla Stålstrenga


Velkomen til nordnorsk stemning i Valdres-fjell!

Foto: Carl Christian Lein Størmer 

I tekstar og melodiar skildrar det nordnorske folkrockbandet Hekla Stålstrenga drama i menneska og landskapet. Dei syng og spelar om livet i havgapet, om vintersolkverv og ein rastlaus polkafot. Bandet er kjent for å levere konsertar med humor og varme – og stor fest. Endeleg er dei tilbake på Jaslangen i Valdres.

Solefallskonserten er på stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre. Arenaen ligg i ei helling som dannar eit naturleg amfi og der vestfjella gjev storslegne rammer kring musikken.

Medverkande:

  • Anne Nymo Trulsen
  • Ragnhild Furebotten
  • Ole-Jakob Larsen
  • Trond-Viggo Solås
  • Tore Bruvoll

Konsert, mat og overnatting:

Jørn Hilme-stemnet tilbyr eigne pakkar til dei som ynskjer god mat og ei seng – i tillegg til konserten med Hekla Stålstrenga. Dette skjer i samarbeid med Gomobu Fjellstue på Vaset. For bestilling kontakt Gomobu Fjellstue: gomobu.no / post@gomobu.no / 61 35 77 10, eller sjå her.

Buss:

Jørn Hilme-stemnet er oppteke av gode miljøløysingar og set difor opp bussar frå fleire plassar i Valdres. Du må førehandsbestille bussbillett for å nytte deg av dette tilbodet.

Frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vaset senter (19.15) – og direkte til Jaslangen.

Frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang 19.00), vidare Brekkudn – Vaset senter og til Jaslangen.

Bil:

Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen frå Fagernes tek ikring 50 minutt. Adressa er Jaslangvegen 618. Vi oppmodar alle til samkøyring.

God tur, god konsert!

KJØP BILLETT »


Start: Tysdag 9. juli kl. 20.30
Slutt: Tysdag 9. juli kl. 22.30
Stad: Jaslangen
Pris: 450 kr

Sjokoladekappleiken «På bærtur!» med elevar frå Strunkeveko


Kappleik høyrer med på sommarkurset Strunkeveko, men også sjokolade! Mykje sjokolade.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Sjokoladekappleiken har kvart år ulike tema, her er det meste lov, og både elevar og lærarar let kreativiteten blomstre vilt. Her legg ein opp til fritt spelerom, og det er berre å glede seg til alle sprella som vil dukke opp. Kven har årets artigaste innslag, og kven vinn prisen for beste kostyme? Kven har X-faktoren?

Eit høgdepunkt med kreative innslag og rause dommarar.


Medverkande:
Elevane på Strunkeveko

KJØP BILLETT »


Start: Onsdag 10. juli kl. 19.00
Slutt: Onsdag 10. juli kl. 21.00
Stad: Merket/Tisleidalen
Pris: 160 kr

Konsert: Gjermund Larsen Trio


Vi garanterer gåsehud og magisk stemning på Trykkeriet denne kvelden. Gjermund Larsen er utan tvil ein av Norges mest kjende og kjære folkemusikarar, som med sitt leikne og kjenslevare felespel har fanga eit breitt publikum.

Foto: Agnete Brun

Til Jørn Hilme-stemnet kjem han saman med Andreas Utnem, trøorgel/piano, og Sondre Meisfjord, kontrabass. Saman har denne trioen hausta lovord, jubel og ein rekke prisar som Spelemannprisen i 2008, German phonographic critics award i 2015 og TONOs komponistpris i 2016. Hausten 2023 lanserte trioen sitt femte album, Tøyen Sessions, til strålande kritikkar. No kjem dei til Valdres – vel møtt til ein nydeleg konsert!

Medverkande
Gjermund Larsen, fele
Andreas Utnem, trøorgel og piano
Sondre Meisfjord, kontrabass

KJØP BILLETT »

KJØP VEKEPASS »


Start: Onsdag 10. juli kl. 19.00
Slutt: Onsdag 10. juli kl. 20.30
Stad: Trykkeriet/Fagernes

Konsertforedrag: «I arkivkroken» med Frank Rolland


Folkemusikkarkivar Frank Rolland opnar arkivkista og deler ut gull.

Foto: Hanne Solheim

Her blir det godbitar frå det rikhaldige folkemusikkarkivet til Valdres folkemuseum. Er du kursdeltakar, generelt nysgjerrig eller genuint folkemusikknerd så vil du finne mykje spanande denne stunda her.

Medverkande:
Frank Rolland og eit utval gamle heltar

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Torsdag 11. juli kl. 12.30
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 13.30
Stad: Festsalen/Valdres Folkemuseum

Stovekonsert 1: Mari Skeie Ljones


Felespelaren Mari Skeie Ljones kjem frå Lillehammer, men er busett i Oslo. Ho har i mange år vore ein aktiv musikar i mange ulike prosjekt.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Mari likar å finne fram til ukjente, men tøffe låtar, ho leikar seg med gamle historier og forteljingar og gjer dei om til nye tekstar og låtar. Fela hennar er også å høyre i samspel med musikarar i eit breitt utval sjangrar, men alltid med dåmen frå Gudbrandsdalen i botnen.

Vel møtt til ei fin stund med Mari, musikken og historiene!

Medverkande:
Mari Skeie Ljones, fele

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Torsdag 11. juli kl. 13.00
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 14.00
Stad: Høyne skule/Valdres folkemuseum

Konsert: Camilla Granlien Band


Camilla Granlien er ein vel anerkjend folkesongar som har turnert land og strand med band og eigne prosjekt. Ho har vunne Landskappleiken i vokal klasse A heile tre gonger og ho har motteke Kongepokalen for sin song. No kjem ho med bandet sitt, og vil synge for deg og meg!

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Tradisjon og nyskaping, klarheit og vidsyn, historiske viser og notid, lokal forankring og brei apell er ord som gjerne blir nytta om Camilla Granlien sin musikk. I tillegg til Gudbransdalske tristesser og melankoli har Camilla ein stor kjærleik for middelalderballadane og skillingsvisene. Dei lange, rørande historiene om kjærleik, tapperheit, humor og alvor er alltid med på konsert – også denne.

I kveld vil vi få høyre musikk frå utgjevingane «Jarnnetter», «Kjære venen min» og «Jeg går i tusen tanker» saman med nye, eigenkomponerte låtar med tekstar av Lomsdiktarane Tor Jonsson og Olav Aukrust.

Medverkande:
Camilla Granlien, vokal
Mari Skeie Ljones, fele
Frode Berntzen, gitar
Audun Ellingsen, kontrabass
Børre Flyen, tromme

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Torsdag 11. juli kl. 19.00
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 20.00
Stad: Festsalen/Valdres folkemuseum

Kviss med Alexander Aga Røynstrand


Spelemannen Alexander Aga Røynstrand stiller med oppstemt fele og hatten full av spørsmål. Dette er kvelden der det skal kappast i kunnskap om stort og smått innan folkemusikk. Kva er ein kvart? Kor lang er ein leik? Kva er ein lauskar, og kor mange ungar og kjerringar hadde Jørn Hilme?

Foto: Anders Lillebo

Kom aleine, eller samle saman eit lag av meir eller mindre kompetente deltakarar og kom på kviss!


Medverkande:
Alexander Aga Røynstrand

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Torsdag 11. juli kl. 20.30
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 21.30
Stad: Valdres Folkemuseum

Stovekonsert 2: Ulf-Arne Johannessen


Dansar, musikar og treskjærar Ulf-Arne Johannessen, tek med seg einradaren og byr opp til ein stovekonsert der tonar frå heimbygda Ål i Hallingdal blir det bærande elementet.

Foto: Martine Petra Hoel

Ulf-Arne er sjølv dansar, noko som merkast i musikken hans. Driv, danseappell og suggererande takt vil fylle stoverommet denne stunda.

Ulf-Arne Johannessen har reist Noreg og verda rundt med dansen og musikken sin. Han har vunne Landskappleiken med både halling og springar, og jammen har han også turnert saman med FRIKAR og Alexander Rybak med hans MGP-hit «Fairytale».

Medverkande:
Ulf-Arne Johannessen, einradar

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 12. juli kl. 13.00
Slutt: Fredag 12. juli kl. 14.00
Stad: Høyne skule/Valdres folkemuseum

«Strunkestubbar» avslutningsframsyning Strunkeveko 2024


Etter ei herleg veke med inspirasjon, påfyll, venskap, spel, dans, leik og glede er ungdommane frå Strunkeveko klare for å vise fram kva dei kan.

Foto: Anne Marte Før

Gled deg til ei kreativ og energisk framsyning med nær 100 full-lada ungdomar!

Medverkande:
Elevane på Strunkeveko

KJØP BILLETT »

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 12. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 12. juli kl. 15.30
Stad: Trykkeriet/Fagernes
Pris: 160 kr

Bokslepp: «Beste harpespillerske. Verdensberømt» av Olav Norheim


Det finst ikkje noka eiga bok om ho Berit på Pynte. Ikkje før no. Merkeleg.

Foto: Knut Knudsen, Valdres folkemuseum

Berit på Pynte (1812–1900) spelte langeleik, munnharpe og fløyte. Ho dansa og song og fortalde historier. Ho brukte dokker som kunne danse til spelet heime på Pynten i Vang.

Ho var om seg, dynamisk og kreativ. Ho hadde stort kontaktnett, kunne omgåast like godt både futen og grannen, og ho kjende godt til haugafolk. Ho var ein tiltøk grynder, ein allsidig multiartist, ein tidleg utøvar av standup og impro, 100 år før omgrepa fanst.

Berit kalla seg «verdensberømt». For ho underheldt turistar av mange nasjonalitetar. Ho spelte for Edvard Grieg og for Ludvig Lindeman. Ho sat modell for Mathias Skeibrok og Erik Werenskiold.

Forfattaren Olav Norheim har no skrive biografien om Berit på Pynte: «Beste harpespillerske, verdensberømt» på Kvitvella Forlag. Boka blir lansert fredag på Hilme-stemnet. Det høver ekstra godt å heidre Berit i år, då den eldste kjende langeleiken er 500 år.

I samtida var Berit meir landskjend enn dei store spelemenn med fele. Og no er ho her – ho og søsken og grannar og musikalske kollegaer frå fjellbygdene oppi i Valdres.

Medverkande:
Olav Norheim, forfattar
Elisabeth Kværne, konsulent
Aud Søyland, konsulent

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 12. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 12. juli kl. 18.00
Stad: Rognebygningen/Valdres folkemuseum

Sommarkveld på Valdres Folkemuseum fredag


Blaut og rå er lyden av Jørn Hilme-stemnet,
i regnvêr og væte,
i djupblåe sommarkveldar
– eller i lyngen på Jaslangen medan sola sig ned bakom fjelltoppane.
Vil du oppleva eggjande felespel i ei mørk stove?
Vil du lære å spela langeleik
eller berre flyte med i den gode stemninga ein varm sommarkveld?
Kom for songen, kom for spelet,
kom for store opplevingar i godt lag.

Foto: Anne Marte Før

Velkomen til sommarkveld på Jørn Hilme-stemnet. Fredag under festivalveka kan du få med deg saftig dansespel frå gamaldansgruppa Lendmenn, konsertar og danseframsyningar, aktivitetar for dei minste, mat og drikke og høg temperatur i festivalteltet. På festplassen er det sal av lokalprodusert mat og husflidsvarer frå lokale produsentar.

Festivalarenaen vår, Valdres Folkemuseum, er eit av dei største friluftsmusea i landet med over hundre gamle hus og bygningar. I lyset frå flakkande stearinlys kan du lyde til dei beste spelemennene og -kvinnene i landet, eller du kan ta del i dansen. By opp sjølv, eller ta handa som byr deg opp, og bli med ut på golvet!

Festen på Valdres Folkemuseum byrjar klokka 17.00 og er slutt klokka 02.00. Programmet fredagskvelden ser du her!

Velkommen – med og utan dansesko!

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 12. juli kl. 17.00
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 02.00
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

Konsert: «Langeleik i lange liner» med Ingrid Lingaas Fossum


Den eldste daterte langeleiken som er funnen har 500 – årsjubileum i år. Dette vil vi markere med fleire konsertar, kurs og framsyningar der langeleiken står i sentrum. Dette noko beskjedne instrumentet rommar meir enn ein kanskje skulle tru, og det ynskjer vi å vise fram!

Foto: Isa Holmgren

Langeleikutøvar Ingrid Lingaas Fossum gjer i år eit prosjekt med dokumentasjon av eldre langeleikar. Dette arbeidet skal ende opp i ei innspeling, og vi er så heldige at vi her får vi høyre klangen av eit utval av desse historiske instrumenta. Ingrid tek oss med på ei reise gjennom historia, gjennom ulike klangar og tonalitetar. Ho vil også gje oss eit innblikk i historia om utøvarane som spelte på leikane.

Ingrid Lingaas Fossum er blant landets fremste unge langeleikutøvarar, og har hatt med seg instrumentmakar Oddrun Hegge på å vurdere, velje ut og sete i stand instrument til prosjektet

Langeleiken er eit vart instrument, som kler det akustiske og intime. Difor ynskjer vi varmt velkomne inn i til ei intim, velklingande og eksklusiv konsertoppleving innanfor dei gamle veggane i Rogne-bygnaden.

Medverkande:
Ingrid Fossum, langeleik

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 12. juli kl. 18.00
Slutt: Fredag 12. juli kl. 19.00
Stad: Rogne/Valdres folkemuseum

Utdeling av Torleiv Bolstads minnestipend og Valdres Folkemusikklag sitt ungdomsstipend


Før konserten med SVER blir det utdeling av Torleiv Bolstads Minnestipend Valdres Folkemusikklag sitt Ungdomsstipend. Dette er gjæve prisar som heng høgt. Kven er dei heldige i år? 

Foto: Anders Lillebo

Torleiv Bolstads minnestipend blir delt ut annan kvart år til ein hardingfelespelar i Valdres mellom 15 og 25 år som syner evne og vilje til å gå inn for folkemusikk frå Valdres. Stipendet blir delt ut av minnenemnda i Valdres Folkemusikklag.

Det blir også utdeling av Valdres Folkemusikklags Ungdomsstipend. Stipendet skal delast ut til personar mellom 15 og 25 år som er utøvarar i song, dans, langeleik, toradar, munnharpe og andre eldre folkemusikkinstrument, og som syner evne og vilje til å gå inn for folkemusikk eller folkedans frå Valdres.

Fotoet viser Ingebjørg Hegge Bratrud, vinnaren av Valdres Folkemusikklag sitt ungdomsstipend i 2023. 

 

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 12. juli kl. 19.00
Slutt: Fredag 12. juli kl. 12.30
Stad: Festivalteltet/Valdres folkemuseum

Konsert: Sver


Den norsk-svenske folkemusikkvintetten SVER byr opp til dans i festivalteltet. Med ein nådelaus energi og forførande gneist, lovar dei episk nordisk folkemusikk til alle som kjem. Stort og flott, staut og heftig – det er tydinga av ordet SVER, og vi ber inn til ein flott og heftig konsert med SVER.

Foto: Gunnar Hall

SVER har sidan 2008 spelt tallause konsertar på festivalar og klubbscener rundt i Europa og Nord-Amerka. Dei har også vore å høyre i fleire samarbeid med andre musikarar. Dei har hatt fleire samarbeid med Snakka San, dei har spelt på Norske Talenter med Skranglebein, og dei har spelt konsertar med Øystein Sunde, Daniel Kvammen, Sigrid Moldestad og Aasmund Nordstoga. Og i kveld skal dei lyfte taket i festivalteltet på festplassen.

Velkommen til ein forrykande start på festivalkvelden!


Medverkande:
Olav Mjelva, hardingfele
Leif Ingvar Ranøien, torader
Jens Linell, perkusjon
Oskar Reuter , gitar/mandola
Anders Hall , bratsj/fele

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 12. juli kl. 19.30
Slutt: Fredag 12. juli kl. 20.30
Stad: Festivalteltet/Valdres Folkemuseum

Konsert: Per Anders Buen Garnås og Anders Røine


Vi bed inn til eit meistermøte i Høyne skule. Per Anders Buen Garnås og Anders Røine er to svært meritterte og anerkjende musikarar, og saman vil dei dele ei kveldsstund med oss. Begge musikarane har brukt tallause timar på å fordjupe seg i tradisjon og musikk, og i denne konserten vil vi få høyre eit utval av alt dei kan by på.

Foto: Knut Utler

Allereie som seksåring var Per Anders Buen Garnås frå Bø i Telemark i gang som felespelar, og derifrå har han ikkje sett seg tilbake. Med onklane Hauk og Knut Buen som dei fremste inspirasjonskjelder og læremeistrar har han lært av dei beste.

Anders Røine er multiinstrumentalisten frå Grorud i Oslo, med røter frå Valdres og busett i Bø i Telemark. Røine vil servere slåttespel på munnharpe, langeleik og fele godt samanblanda med historier og anekdotar frå fjern og nær.

Medverkande:
Per Anders Buen Garnås, hardingfele
Anders Røine, munnharpe, langeleik og hardingfele

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 12. juli kl. 21.00
Slutt: Fredag 12. juli kl. 22.00
Stad: Høyne skule/Valdres Folkemuseum

Konsert: Rannveig Djønne og Ruth Lillegraven


Musikar og komponist Rannveig Djønne og forfattar Ruth Lillegraven kjem begge frå Hardanger. Dei har samarbeidd ved fleire høve dei siste ti åra. Til denne kvelden har dei samla nokre høgdepunkt frå eigne slåttar og dikt. Velkomen til ei kveldsstund med ord og tonar, fjord, fjell, folk og lagnader.

Foto: Ann Sissel Holthe og Elisabeth Emmerhoff

Rannveig Djønne, toradarspelar og komponist frå Hardanger. Om musikken hennar er nykomponert eller tradisjonell, er det alltid eit solid avtrykk av tradisjonsmusikken frå Voss og Hardanger i spelet.

Ruth Lillegraven kjem frå Granvin i Hardanger, og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005, og har seinare gitt ut til saman ni eigne bøker for vaksne og fem bøker for barn.

Medverkande:
Rannveig Djønne, toradar
Ruth Lillegraven, diktlesing

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Fredag 12. juli kl. 22.30
Slutt: Fredag 12. juli kl. 23.30
Stad: Høyne skule/ Valdres folkemuseum

Dansekonsert: Jan Beitohaugen Granli og Ulf-Arne Johannessen


Streng og belg, halling og valdris. No er det duka for eit skikkeleg oppgjer mellom nabodalføra Hallingdal og Valdres.

Foto: Knut Utler og Martine Petra Hoel

Spelemennene Jan Beitohaugen Granli og Ulf-Arne Johannessen stiller skarpskodde og oppspelte, klare for dansefest!

Medverkande:
Jan Beitohaugen Granli, hardingfele
Ulf-Arne Johannessen, einradar

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 13. juli kl. 00.00
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 01.00
Stad: Slidrehuset/Valdres Folkemuseum

Konsert: Feristun & Åste Sulheim Viken


Jørn Hilme-stemnet gir plass og scene til breidda i folkemusikken og folkedansen, både amatørar og dei som har det som levebrød, både kjende og ukjende utøvarar, unge og gamle. Rekrutteringa til sjangeren er viktig. Unge som søkjer ei profesjonell retning, skal få erfaring i å utvikle seg og delta i framsyningar.

Feristun er tre unge jenter frå Lom og Stranda, som nett er ferdige på Landslina i Folkemusikk på Vinstra. Feristun består av Hanne Kjøk, Synne Kjøk og Janne Urkegjerde, med seg på konserten på Jørn Hilme-stemnet har dei også Åste Sulheim Viken. Alle desse fire jentene spelar, syng og dansar, så det er ei ung, men svært allsidig gruppe vi får besøk av. I hovudsak speler Feristun tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen, men det kan godt vere vi får smakebitar frå andre område også.

Medverkande:
Synne Kjøk, fele, song og dans
Hanne Kjøk, fele, song og dans
Janne Urkegjerde, fele, song og dans
Åste Sulheim Viken, fele song og dans


Start: Laurdag 13. juli kl. 15.00
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 16.00
Stad: Briskeby ungdomshus/Fagernes
Pris: Gratis

Stovekonsert 3: Nina Fjeldet


I 1784 blir Lasse kasta ut av huset sitt på Tretten. Han reiser til Målselv og blir nybyggar. 230 år seinare reiser Nina same vegen.

Rundt 1820 flytter taterkvinna Dorthea til Gausdal for å satse på felespelet. 180 år seinare reiser Nina derifrå i samme ærend.

I 1943 tvinges Jac til å legge bogen ifrå seg for godt. 60 år seinare dreg Nina bogen hass over strengane på fela si.

Nina Fjeldet er felespelar og folkemusikar frå Gausdal, busett i Målselv. I 30 år har ho manøvrert seg gjennom livet med fela i handa. Nå skal ho for fyrste gong stå aleine på scena og formidle noko av det ho har henta med seg på vegen.

Små og store møter mellom mennesker og hendingar blir til historier, slåttene er sine eigne fortellinger. Med slåtter frå Målselv og Gausdal som ein raud tråd, deler Nina nokre reisehistorier frå da og nå.

Som medhjelpar på tekst og innehald har ho fått med seg forfattar, programleiar og formidlar Liv Gulbrandsen.

Medverkande:
Nina Fjeldet, fele og forteljing

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 13. juli kl. 15.00
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 16.00
Stad: Høyne skule/Valdres folkemuseum

Sommarkveld på Valdres folkemuseum laurdag


Blaut og rå er lyden av Jørn Hilme-stemnet,
i regnvêr og væte,
i djupblåe sommarkveldar
– eller i lyngen på Jaslangen medan sola sig ned bakom fjelltoppane.
Vil du oppleva eggjande felespel i ei mørk stove?
Vil du lære å spela langeleik
eller berre flyte med i den gode stemninga ein varm sommarkveld?
Kom for songen, kom for spelet,
kom for store opplevingar i godt lag.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Velkomen til sommarkveld på Jørn Hilme-stemnet. Laurdag under festivalveka kan du få med deg saftig dansespel frå gamaldansgruppene Hått og Madam Jam, konsertar og danseframsyningar, aktivitetar for dei minste, mat og drikke, klubb i Slidrehuset og høg temperatur i festivalteltet. På festplassen er det sal av lokalprodusert mat og husflidsvarer frå lokale produsentar.

Festivalarenaen vår, Valdres Folkemuseum, er eit av dei største friluftsmusea i landet med over hundre gamle hus og bygningar. I lyset frå flakkande stearinlys kan du lyde til dei beste spelemennene og -kvinnene i landet, eller du kan ta del i dansen. By opp sjølv, eller ta handa som byr deg opp, og bli med ut på golvet!

Festen på Valdres Folkemuseum byrjar klokka 17.00 og er slutt klokka 02.00. 

Velkommen – med og utan dansesko!

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 13. juli kl. 17.00
Slutt: Sundag 14. juli kl. 02.00
Stad: Valdres folkemuseum/Fagernes

Konsert: Morgonrode


Den raude himmelen ved soloppgang - ein ny dag kjem og ljoset tek over for myrkret. Det gamle er forsvunne og noko nytt og vakkert har erstatta det.
Foto: Christian Winther
Bli med på ei reise inn i gruppa Morgonrode sitt musikalsk landskap. Der vevast det tradisjonelle slåttespelet saman med eigne tekstar og komposisjonar. Gamle riddarballadar smeltar saman med improvisasjon i konserten der sola stig sjølv om kvelden er på tur. 
Morgonrode er den eldre skrivemåten for «morgonrauda», den raude himmelen ved soloppgang. Dette er eit godt bilete på gruppa sin musikk. Musikken breier seg, lik solstrålane, utover i konserten og gjev lyttarane stadig nye klangfarger og stemningar. Med den klanglege rikdomen frå tre feler, langeleik og resonansstrenger, kontrabass og trommer, kombinert med eit framoverlent og godt driv, har dei skapt sitt eige musikalske univers. 
Morgonrode brakdebuterte med Spellemannpris, Folkelarmnominasjon og strålande kritikkar for sitt debutalbum i 2019. I år kjem dei med si tredje plate, og vi er så heldige som får dei hit til Jørn Hilme-stemnet! 
Medverkande: 
Selma French Bolstad, fele, hardingfele, nyckelharpe og song
Rasmus Kjorstad, oktavfele, fele, langeleik, song og munnharpe 
Helga Myhr, hardingfele og song
Fredrik Luhr Dietrichson, kontrabass, sang
Andreas Skår Winther: trommer, sang

 

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 13. juli kl. 19.30
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 20.30
Stad: Festivalteltet/Valdres folkemuseum

Konsert: Knut og Ole Aastad Bråten


Den eldste daterte langeleiken som er funnen har 500 – årsjubileum i år. Dette vil vi markere med fleire konsertar, kurs og framsyningar der langeleiken står i sentrum. Dette noko beskjedne instrumentet rommar meir enn ein kanskje skulle tru, og det ynskjer vi å vise fram!

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Valdres sine eigne langeleikmeistrar Knut og Ole Aastad Bråten bed inn til konsert. Knut og Ole Aastad Bråten har spelt langeleik sidan dei var 16 år gamle. Aastad Bråten er knytt til ei rekkje tradisjonsliner, frå det alderdommelege spelet i tradisjon etter Ola Brenno (1865–1957) til det virtuose og forførande etter Olav Snortheim (1911–1988). Dei viktigaste læremeistrane har vore Oddrun og Gunvor Hegge. Aastad Bråten har gjennom sitt særmerkte samspel bidrege til eit løft for langeleikmusikken i Noreg.

Knut og Ole Aastad Bråten har vunne Landskappleiken til saman 12 gonger – og begge har sikra seg Kongepokalen, Knut i 2006 og Ole i 2014. Dei har deltatt på kappleikar og konsertar i 20 år og dei har medverka på ei rekke plateinnspelingar. I 2015 gav dei ut den kritikarroste plata «Til Ragna».

Vel møtt til velklingande strengeleik!

Medverkande:
Knut Aastad Bråten, langeleik
Ole Aastad Bråten, langeleik

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 13. juli kl. 21.00
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 22.00
Stad: Høyne skule/ Valdres folkemuseum

Konsert: «Ômvesla» med Nina Fjeldet


I 1784 blir Lasse kasta ut av huset sitt på Tretten. Han reiser til Målselv og blir nybyggar. 230 år seinare reiser Nina same vegen.

Rundt 1820 flytter taterkvinna Dorthea til Gausdal for å satse på felespelet. 180 år seinare reiser Nina derifrå i samme ærend.

I 1943 tvinges Jac til å legge bogen ifrå seg for godt. 60 år seinare dreg Nina bogen hass over strengane på fela si.

Nina Fjeldet er felespelar og folkemusikar frå Gausdal, busett i Målselv. I 30 år har ho manøvrert seg gjennom livet med fela i handa. Nå skal ho for fyrste gong stå aleine på scena og formidle noko av det ho har henta med seg på vegen.

Små og store møter mellom menneske og hendingar blir til historier, slåttane er sine eigne forteljingar. Med slåttar frå Målselv og Gausdal som ein raud tråd, deler Nina nokre reisehistorier frå da og no.

Som medhjelpar på tekst og innehald har ho fått med seg forfattar, programleiar og formidlar Liv Gulbrandsen.

Medverkande:
Nina Fjeldet, fele og forteljing

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 13. juli kl. 22.30
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 23.30
Stad: Høyne skule/ Valdres folkemuseum

Dansekonsert: Madam Jam


Med banebrytande runddansmusikk har Madam Jam på svært kort tid engasjert eit heilt
folkemusikkmiljø. Er vi vitne til ei ny gammaldansbølge?

Dei sju musikarane i Madam Jam har vekt mykje åtgaum etter at dei lanserte debutalbumet
«van danse» sommaren 2023. Med dette albumet vart dei heidra med Folkelarmprisen i kategorien Dansespel i 2023.

Fengjande melodiar, frekke rytmar i gitar og banjo og krutsterk danseappell er nokon av grunnane til suksessen til Madam Jam. Sjølv om hjarta ligg den tradisjonelle runddansmusikken nær, er dei ikkje redde for å leggje til nye musikalske element i sjangeren. Målet for Madam Jam er alltid å skape god stemning og danseglede. Knyt på deg danseskoa og bli med i dansen!


Medverkande:
Steinar Odde, banjo
Pål Bratås, durspel, trekkspel
Øyvind Sandum, durspel, trekkspel
Gro Visdal, kontrabass
Bjørn Kåre Odde, fele, bratsj
Geir Byre, gitar
Kristen Bratås, gitar, el-gitar m.m

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Laurdag 13. juli kl. 23.30
Slutt: Sundag 14. juli kl. 01.00
Stad: Festivalteltet/Valdres folkemuseum

Klubb: Naaljos Ljom


Med Naaljos Ljom kjem folkemusikk-klubben til Jørn Hilme-stemnet. Her møtest den tradisjonelle mikrotonale folkemusikken elektronisk musikk, og resultatet er vidunderleg vakkert, suggererande og gamalt-nytt.

Foto: Carlos Juica

Med inspirasjon frå Eivind Groven og Erik Eggen si forsking på tonaliteten i folkemusikken, har duoen Naaljos Ljom vakse fram. Dei har svært gode kritikkar, frå både inn- og utland, med seg i sekken når dei i kveld opnar folkemusikk-klubb i Slidrehuset.

Anders S. Hana er busatt i Stavanger og er aktiv i gruppene The End, Malmin, Ensemble E. Han har elles vore medlem av band som MoHa!, Ultralyd, Noxagt, Blodsprut, Pokemachine, Clifford Torus, Crimetime Orchestra, Circulatione Totale Orchestra, Ingebrigt Håker Flaten Kvintett, Jaga Jazzist og fleire. Han driv for tida folkemusikk-konsertserien "Gorrlaus" i Stavanger.

Morten Joh er musikar, komponist og kunstnar frå Stavanger. Morten er trommeslagar, men trakterar også synthar, reinstemt vibrafon og jobbar med lydsyntese innanfor reinstemming. Av band- og ensembleprosjekter kan MoHa!, Ultralyd, N.M.O., The Pitch, Splitter Orchester og Konzert Minimaal nemnast, samt samarbeidsprosjekter med Robin Hayward og Stine Janvin.

Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron er ein av dei fremste utøvarane av slåttemusikken frå Gudbrandsdalen. Han er både aktiv som solo utøvar på fele og langeleik og spelar i fleire band. Blant dei er Morgonrode, Reôlo, Dålågjel og Kjorstad Brørne.

Medverkande:
Anders S. Hana, hardingfele, reinstemt gitar, langeleik, munnharpe og fele
Morten Joh, reinstemt synth og slåttetromme
Rasmus Kjorstad, fele

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Sundag 14. juli kl. 00.30
Slutt: Sundag 14. juli kl. 01.30
Stad: Slidrehuset/Valdres folkemuseum

Konsert: Erlend Viken


Det er ein allsidig spelemann som kjem med felene sine og rundar av årets festival.

Foto: Kai Hansen

Erlend Viken er frå Oppdal, og har lært felespel av far sin. Han har kvalifisert seg til A-klassa i både hardingfele og fele. I tillegg til å vere ein dyktig solomusikar, spelar han også med mange ulike grupper, særleg har han markert seg gjennom den kritikarroste gruppa Erlend Viken Trio.

Erlend har mange jern i elden, men no kjem han aleine med felene og favorittslåttane sine frå Oppdal og områda rundt. Dette er vel verd å få med seg!

Medverkande:
Erlend Viken, fele

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »


Start: Sundag 14. juli kl. 13.00
Slutt: Sundag 14. juli kl. 14.00
Stad: Rognebygningen/Valdres folkemuseum