Kurs i toradar


Instruktør: Tom Kjetil Tørstad

Foto: Knut Aastad Bråten

Å spela toradar har lange tradisjonar i Valdres. Då toradaren kom, kom også den nye musikken: vals og reinlender, masurka og polka. Sjølv om dansen på lokalet har forsvunne mange stader, er det stadig stor interesse for toradaren.

Jørn Hilme-stemnet ynskjer å vera med på å bidra til meir interesse for gamaldans, og inviterer til spelkurs med Tom Kjetil Tørstad frå Vang i Valdres. Tom Kjetil er ein av dei fremste toradarspelemennene i landet. Han har hausta heider og ære, kongepokalar og andre utmerkingar både på Landskappleiken og Landsfestivalen. Tom Kjetil Tørstad kjem til Jørn Hilme-stemnet med kunnskap – og mykje speleglede.

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
  • Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag

Les meir om kurset her.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Onsdag 12. juli kl. 15.30
Slutt: Fredag 14. juli kl. 15.00
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: 1000 kr