Kurs i munnharpe


Instruktør: Kenneth Lien

Foto: Cathrine Dokken

Munnharpa, dette vesle instrumentet som du enkelt kan ta med deg på fest, har blitt svært så populært dei siste åra. Munnharpa har slektningar i heile verda. Under festivalen blir det også mogleg å lytte til dei fremste utøvarane, både på konsert og til dans. Interessert i å lære?

Kenneth Lien frå Lillehammer er ein av dei fremste yngre munnharpespelarane i dag. Han har vunne Landskappleiken, er med i folkemusikkgruppa Ævestaden – og er aktiv på dei fleste folkemusikkscener i landet. I tillegg til munnharpe spelar han lyre, langeleik og hardingfele. Kenneth Lien kjem til Jørn Hilme-stemnet for å lære bort spel og teknikk. Kanskje du blir biten av basillen?

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
  • Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag

Les meir om kurset her.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Onsdag 12. juli kl. 15.30
Slutt: Fredag 14. juli kl. 15.00
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: 1000 kr