Hilme året rundt: Grålysing i Kvam


Vi skal ikkje sova bort sumarnatta!


Denne gongen er målet å koma seg gjennom alle felestillene ein har hatt i tradisjon på hardingfele. For å få til dette vil det bli dansespel gjennom heile natta, frå solnedgang til soloppgang. Som ein del av arrangementet blir det også tre lydarlæte-konsertar med Sivert Holmen og Syver Rolandsgard Hauge. Det blir dansespel med fleire spelemenn som blir offentleggjort etter kvart.
Arrangementet finn plass på det gamle tunet til garden Kvam. Tunet har historisk sus beliggende langs kongevegen i Vang i Valdres og på tunet finn ein i alt ni hus frå rundt 1780 til 1860 åra. Her var det også lensmannsbolig og tingplass.
Ta med ulltøy, feler og dansesko og førebu deg på ei oppleving for livet. Arrangementsstart 20.00. Konsertar kl. 21.00, 23.00 og 01.00.
Dansespel kontinuerleg i tidsrommet 21.00 - 04.00 - Dansen foregår på uteplatting, men blir flytt inn på låven ved dårleg vér.
Ta med telt eller hengekøye for overnatting. Ein kan også ta med liggeunderlag/madrass og overnatte på låven.
Sal av mat og drikke utover kvelden og natta!
Billettar: 275kr for vaksne, Ung Inn (13 - 21 år. Sjå unginnlandet.no/ungdomsordninger/unginn) 125kr, og gratis for dei under 13 år. Billettsalget opnar snart.
Velkomen!

Hilme året rundt
Start: Fredag 14. juni kl. 20.00
Slutt: Laurdag 15. juni kl. 05.00
Stad: Gamle Kvam, Tyinvegen 4716, 2975 Vang i Valdres
Pris: Billettar: 275kr for vaksne, Ung Inn (13 - 21 år. Sjå unginnlandet.no/ungdomsordninger/unginn) 125kr, og gratis for dei under 13 år. Billettsalget opnar snart.