Hilme året rundt: Øyjar kapell 60 år!


Konsert med Ingrid Lingaas Fossum og Vemund Olav Aukrust!


Sundag 15. september kl. 19.00 markerar vi at Øyjar kapell er 60 år med konsert med Ingrid Lingaas Fossum og Vemund Olav Aukrust!
I duoen Fossum/Aukrust får vi oppleve eit unikt lydbilde: Den lågmælte og klangfulle langeleiken, som har levt i minst 500 år i Noreg - i kombinasjon med kyrkjeorgel, eit av dei mektigste instrumenta vi har. Gjennom konserten får vi høyre folkemusikk frå Gudbrandsdalen og Valdres i ein ny musikalsk drakt: Halling og springleik, lyarlåttar og bådnsullar, delvis i kombinasjon med nyare, klassiske verk. Mykje av musikken har fjell- og stølsliv som tema, frå fjella som skiljer heimtraktene til dei to utøvarane. Langeleiken og orgelet skiftar mellom å ha ein ledande rolle, og vi får òg høyre song og kraviklyre
I tillegg til konserten blir det servering av kaffe og kaker og Johanna Fuglesteg og Mona Dalen vil fortelje litt om historia til denne lille kyrkja som ligg i Øyebygda - på vestsida mellom Slidre og Røn. Billettar kjøpast døra. 150 kr for vaksne og gratis for Ung INN-medlemmar (https://unginnlandet.no/ungdomsordninger/unginn/) og born under 13 år.
Dette blir ei markering i samarbeid med Røn sokneråd og arrangementet er støtta av Vestre Slidre kommune, Vestre Slidre Historielag, Norsk Kulturfond og Kiwi Røn.

Hilme året rundt
Start: Sundag 15. september kl. 19.00
Slutt: Sundag 15. september kl. 21.00
Stad: Øyjar kapell i Øyebygda, Vestre Slidre
Pris: 150 kr