‼️FLYTTING AV KONSERT‼️
Grunna varsel om sterke vindkast på Jaslangen i morgon, blir konserten med Ragnhild Hemsing og VETRA flytta til Amfiet på Valdres Folkemuseum.
Konsertstart blir som annonsert kl. 20.30. Inngang frå kl. 18.00
Vi oppmodar om å parkere i sentrum og spasere til museet. Ta gjerne med stol/sitteunderlag. 
Kjøpte bussbillettar blir refunderte via JVB Tur. 
Vi skal gjere vårt beste for å lage gode rammer rundt denne flotte konserten, sjølv om det ikkje blir på Jaslangen. Vêret styrer vi diverre ikkje.
Vel møtt til konsert på Valdres Folkemuseum!

Solefallskonserten på stølslaget Jaslangen har vorte ein av Jørn Hilme-stemnet sine store publikumssuksessar, og det med god grunn.

 

Ein gong i året blir det  vesle stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre kommune fylt av eit tusentals menneske. Med Hemsedalsfjella som bakteppe finn ein seg til rette i lyng og vier for å få med seg årets beste kombinasjon av musikk og natur. Denne sommaren er det Valdres si eiga verdsstjerne Ragnhild Hemsing som kjem til Jaslangen! Dette blir nydeleg - velkommen skal du vere!

Du kan kjøre eigen bil, men tenk gjerne på miljøet og hopp på bussen som vi set opp. Området er elles særs veleigna for sykkel om du ikkje er langvegsfarande.

Du får også kjøpt god stølskost som du kan nyte i lag med musikken og naturen.

Foto: Visit Valdres