Instruktør: John Ole Morken
Vanleg fele og hardingfele har levd side om side i den norske folkemusikken. Vi er svært glade for at John Ole Morken frå Ålen i Holtålen kommune i Sør-Trøndelag, no busett på Revetal i Tønsberg kommune, vil vere instruktør på dette kurset. Morken har musikkutdanning frå NTNU i Trondheim, og Ole Bull Akademiet på Voss. Han er ein mykje nytta pedagog og kurshaldar, og det er sikkert mange som har høyrt han som programleiar for Folkemusikktimen på P2. Morken har fordjupa seg i feletradisjonen frå Rørostraktene, håpar mange stemmer fela og melder seg på kurs!
Temaet fredag er gammelpols. John Ole lovar her ei god økt med skikkeleg nerding. Denne kursøkta er for dei som er vidarekomne.
Fakta:
- Fredag 11. juli klokka 10.00–12.30
- Pris: 300 kr