Jørn Hilme-stemnet er kappleik
I over 60 år har kappleiken på Jørn Hilme-stemnet vore ein viktig del av festivalen.
Foto: Cathrine Dokken
Program for kvar dag finn du her!
Kappleiken går føre seg på Trykkeriet Kulturarena i Fagernes sentrum. Dette er eit nyoppussa lokale som til vanleg husar kulturskulen i Nord-Aurdal og ei rekkje med andre kulturarrangement. Trykkeriet finn du i Skrautvålsvegen 15.
Utekappleiken med lagdans går føre seg laurdag 12. juli kl. 19.30 på Valdres folkemuseum.
Fredag 11. juli er det kappleik for juniorar. Laurdag 12. juli er det kappleik for seniorar. Dei yngste kan i år melde seg på sjokoladekappleik på museet på laurdag - dette er nytt av året og vi håpar de vil vere med!
Du kan melde deg på heilt fram til onsdag 09. juli. Påmelding skjer via FolkOrg sitt kappleikssystem, og du finn påmeldinga her.
Har du lyst til å delta, men er ikkje medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Erland Voldhaug Andersen: erlandva@hotmail.com. Lagndans melder seg også på med ein epost til tevlingsleiar. Startlister blir publisert i førekant av kappleiken her på nettsidene, samt på Facebook.
For seniorar kostar det 300 kr å delta, for junior og rekrutt er prisen 150 kr. Lagdansarar som ikkje har delteke på kappleik tidlegare kjøper ein eigen rabattert lagdansbillett på stemnekontoret som gjeld for heile kveldsarrangementet på Valdres Folkemuseum. Strunkeelevane deltek gratis.
Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei med høgast poengsum – uavhengig av klasse – går vidare til finalespel. Vinnaren her tek med seg 10 000 kr medan andre- og tredjepremie er på 5 000 kr og 2 000 kr.
Kappleiken har totalt ni klasser.
- Open klasse
- Eldre folkemusikkinstrument
- Halling
- Hardingfele/vanleg fele
- Pardans
- Samspel av alle slag
- Toradar/trekkspel
- Vokal
- Lagdans
Dommarar på Jørn Hilme-stemnet 2025 er:
Arne Anderdal, Johanna Fuglesteg, Runar Kolsrud, Solfrid Nestegard Gjeldokk, Ellen Persvold og Laura Ellestad.
Velkomen på kappleik!