Det er duka for eit skikkeleg publikumsfrieri når lagdansarar og finalistar entrar kappleiksscena!
Her vil junior og seniorlag møtast til ein venskapeleg kappestrid - kven har det best trimma laget? Kven stiller med best sus i serken, svikt i steget og finast ring?
Etter lagdansen får vi møte dei tre beste innslaga frå kappleiken i årets finalespel der det skal avgjerast kven som stikk av med den gjeve topplasseringa på Hilmekappleiken 2025.
Foto: Ingvil Skeie Ljones