Tufskrøkjun


Påskefest med konsert og dans på forsamlingshuset Solhaug

Tufskrøkjun er ei felegruppe frå Sel, Vågå og Lom i Gudbrandsdalen og består av Synne Grothe, Ann Kristin Odnes, Kari Grøsland og Astrid Sulheim. Dei spelar tradisjonell folkemusikk frå Norddalen med hovudvekt på musikken og tradisjonane i Vågå og Lom. Dei er alle opptekne av å finne slåttar som er lite brukte eller har sjeldne former. Gruppa har vunne gruppespel på landskappleiken heile seks gonger, deriblant dei tre siste åra.

Dans etter konserten!

  • Inngang kr 200
  • UngINN-pris kr 50 (for alle mellom 13 og 21 år)
  • Gratis for dei under 13 år
  • Arrangør: Hilme året rundt og Øystre Slidre spel- og dansarlag

Konserten er støtta av Norsk kulturfond

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Laurdag 9. april kl. 19.00
Stad: Solhaug, Øystre Slidre
Pris: 200 kr