Velkommen til konsert, mat og dans på låven på Herangtunet i Øystre Slidre.
Kvelden byrjar med konsert med den kjende gruppa Novgorod, som er Gabriel Fliflet (trekkspel, song), David Chelsom Vogt (fele, song), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, song) og Jørgen Sandvik (gitar, song). Gruppa vart danna i 2003, og har spelt på dei største og minste scenene i landet.
På ein konsert med Novgorod får du høyre originale tolkingar av nordsvensk swing (med kosakktrinn), lærerike songar på tysk av Berthold Brecht/Kurt Weill, hardtsvingande finsk humpa, jiddisk tango og lengselsfulle valsar. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song på eit utal språk.
Etter konserten blir det salg av rakfiskbauser, mineralvatn, øl og vin. Og dans på låven! Velkommen!
- Tid og stad: Herangtunet/Øystre Slidre laurdag 5. november kl. 19.00
- UngINN-pris kr 50 (for alle mellom 13 og 21 år)
- Konserten er støtta av Norsk Kulturfond
- Arr: Hilme året rundt og Øystre Slidre spel og dansarlag