Lars-Ingar Meyer Fjeld


Velkomen til konsert på Fagernes kulturpub!

Lars-Ingar Meyer Fjeld kjem frå Sandefjord, og har fordjupa seg i hardingfelespel frå Telemark. Det er spel i Løndalstradisjon frå Tuddal og Johannes Dahle frå Tinn som er idealet. Lars-Ingar Meyer Fjeld har lært frå storspelemenn som Ottar Kåsa, Per Anders Buen Garnås og Christian Borlaug. Han har fleire gonger spelt seg til pallplasseringar i klasse A på landskappleiken. I 2016 kom han ut med si fyrste soloplate: Hardingfele, på plateselskapet Ta:lik. Denne vart nominert til Spellemannsprisen.

  • Vaksen 200 kr
  • UngINN-pris 50 kr (for alle mellom 13 og 21 år)
  • Sal av kaffi, vin og øl
  • Konserten er støtta av Norsk Kulturfond
  • Arr: Hilme året rundt

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Sundag 15. januar kl. 18.00
Stad: Fagernes kulturpub
Pris: 200 kr