Utstillingsopning, kurs og konsert


Nasjonalmuseet, Valdresmusea og Hilme året rundt inviterer til opning av den turnerande utstillinga «Skakke folkedrakter». 

Foto: Nasjonalmuseet

Tid og stad: Laurdag 17. juni i Fagernes sentrum og på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Arrangementet startar klokka 17.00. Sjå fleire detaljar i programmet under.

Det er gratis å delta, men du må reservere billett for å vere med. Det gjer du her

I «Skakke folkedrakter» har seks samtidskunstnarar undersøkt mangfaldet av kulturar og tradisjonshandverk. Kunstnarane har vore i dialog med handverkarar og kunnskapsberarar, og skapt sine eigne tolkingar gjennom fotografi, vev, keramikk, støymusikk og dans.

Valdres Folkemuseum er den første av i alt åtte visningsstader for utstillinga, som dei kommande to åra skal reise på kryss og tvers av Noreg og Sápmi.

Kunstnarar i prosjektet er Harald Beharie, Lin Wang, Christian Blandhoel, Rafiki, Márjá Karlsen og Håvard Kranstad.

Program

Kl. 17.00–18.00
Pride-parade frå Fagernes til museet langs fjorden. Oppmøte ved Shell kl. 16.30. Paraden er open for alle: ungar, ungdom, vaksne, gåande, rullande og firbeinte. Du kan kle deg i akkurat det du vil: bunad, olabukse, treningsdrakt, uniform, finkjole, badedrakt eller arbeidsklede. Vift med det flagget du likar aller best. Bli med eller still opp langs ruta! Appellar på museet frå kl. 17.30.

Kl. 18.00–18.30

  • Utstillingsopning leia av Dávvet Bruun-Solbakk, kunstnar
  • Musikalsk innslag
  • Taler

Kl. 18.30–22.00

  • Open utstilling
  • Musikk og pop up-aktivitetar:
    Intimkonsert 1: Jan Beitohaugen Granli
    Intimkonsert 2: Marit Karlberg og Øyonn Groven Myhren 
    Halling med Eilif Hellum Noraker
    Lynkurs i springar 

Kl. 21.00–03.00

  • Tuvas blodklubb med karaoke og DJ
  • Open pub og sal av lokalmat

Velkomen!