Stillelåten var tradisjonelt knytt til det som må ha vore ei høgtidsstund prega av ettertanke, alvor, vemod, spenning, framtidsvon og eksistensielle tankar om livet og kjærleiken: Musikk framført medan brura vart pynta – då skulle alle som såg på vere heilt stille.
I denne konserten er det inga brur som skal pyntast, men distriktsmusikarane i Sogn, Malin Alander (song), Ingrid Stuhaug (hardingfele) og Ole Nilssen (trekkspel) vil med instrumenta og musikken skape stemningar som kan kalle fram noko av det same kjenslespekteret. Velkommen!
- Inngang kr 200
- UngINN-pris kr 50 (for alle mellom 13 og 21 år)
- Gratis for dei under 13 år
- Arrangør: Hilme året rundt
Konserten er støtta av Norsk kulturfond