Stian Roland og Tom Kjetil Tørstad


Lukta av nytrakta kaffi og tonane frå ein toradar: Skal vi danse att?

Gamaldansen står ikkje like støtt i Valdres som han ein gong gjorde. Skal vi gjere noko med det? Stian Roland er instituttleiar ved Campus Rauland (USN) og har arbeidd mykje med folkedans og gamaldans frå heile landet. Han spør no: Kva er typiske stiltrekk for gamaldansen i Valdres, og korleis skil dansen i Valdres seg frå dansen i andre bygdelag? Før, under og etter føredraget blir det stormfulle og drivande rytmar frå ein av dei fremste toradarspelemennene i landet: Tom Kjetil Tørstad frå Vang. Velkommen!

  • Servering av kaffi og kake
  • Inngang kr 150
  • UngINN-pris kr 50 (for alle mellom 13 og 21 år)
  • Gratis for dei under 13 år
  • Konserten er støtta av Norsk kulturfond
  • Arr: Hilme året rundt – i samarbeid med Vårflaumen spel- og dansarlag og Valdres Folkemuseum

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Torsdag 10. februar kl. 18.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 150 kr