Selma French Bolstad og Anna Ueland


KONSERT: Hilme året rundt og Vinterfest på Fagernes inviterer til konsert med Selma French Bolstad og Anna Ueland på Strandefjorden i oppvarma halvkule.

Selma French Bolstad kom hausten 2022 med sin solodebut, «Changes like the Weather in the Mountain» på Grappa Musikkforlag. Albumet er hylla av meldarar!Selma French Bolstad er kjent frå blant anna det spellemannprisnominerte visejazz-popbandet Masåva og det spellemannsprisvinnande bandet Morgonrode. Ho er songar, felespelar, gitarist og låtskrivar, og på det nye albumet fell vakre og viktige brikker på plass.

Selma har hatt konsertar på Moldejazz, Trænafestivalen, Øyafestivalen, Canalstreet, Loaded og Oslo Jazz sommaren 2022, med eige band og med namn som Frøkedal, The Switch og Masåva.

Anna Ueland er pianist og keyboardist innan jazz, pop, funk, folk og hiphop, men spelar og hardingfele i spelemannslag og for seg sjølv. «Jeg syntes jo faktisk at Jørn Hilme-stemnet er større enn Oslo Spektrum» fortalde ho til avisa Valdres i 2021.

Anna er med i fleire band, mellom dei Lemur Trio Kristian Enkerud Lien ensemble. Anne er for tida musikar i framsyninga Knutsen og Ludvigsen på Trøndelag Teater.

  • Fagernes 16. februar klokka 19.00
  • Vaksen kr 200,-
  • UngINN kr 50,- (dei mellom 13 og 21 år)
  • Gratis for alle under 13 år
  • Konserten er støtta av Norsk Kulturfond
  • Arr: Hilme året rundt

Velkommen!

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Torsdag 16. februar kl. 19.00
Slutt: Torsdag 16. februar kl. 20.30
Stad: Strandefjorden, Fagernes
Pris: Vaksne: 200 kr UngINN: 50 kr