Langeleik


Opplæringsfilmar, CD og bok. Langeleiken er på frammarsj. Då må vi feire!

I desember 2021 gav folkemusikkarkivar og langeleikspelar Elisabeth Kværne, saman med Bjørn Aksdal, ut boka Langeleiken – heile Noregs instrument. Boka er eit solid og grundig dokumentasjonsarbeid over langeleiken i Noreg gjennom tidene. Velkommen til lansering! I 2021 vart det og lansert nye opplæringsfilmar på langeleikspel, i regi av Norsk langeleikforum. Ein langeleik-CD såg òg dagens ljos dette året. Alt dette – og meir til – ynskjer vi å feire. Grundig! Velkommen til lansering, slepp og presentasjon!

  • Servering av kaffi og kake
  • Gratis inngang!
  • Konserten er støtta av Norsk kulturfond
  • Arr: Hilme året rundt – saman med Valdres Folkemuseum og Norsk langeleikforum

Hilme året rundt
Start: Torsdag 5. mai kl. 18.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: Gratis!