Draumkvedet


Hilme året rundt inviterer til plateslepp i Volbu kyrkje.

Draumkvedet blir framført av Malin Alander (song), og Ole Nilssen (trekkspel). Dei presenterer det tradisjonsrike visjonsdiktet, med fokus på tid, kontrastar og klangbehandling i eit intenst samspel. Draumkvedet har i deira form rom for både improvisasjonar og slåttespel, og byggjer opp under, og følger opplevingane til Olav Åsteson. 

Olav Åsteson fell i djup søvn på julekvelden, og vaknar ikkje opp att før etter 13 døgn. Då har han drøymt at han har reist over Gjallarbrua til dødsriket. Han ser inn i Paradis, han ser dei grufulle straffane som ventar syndarar i Helvete og blir til slutt vitne til dommedag i Brokksvalin. 13. dag jul salar Olav hesten sin og rir til kyrkja. Så set han seg i kyrkjedøra og syng ut heile den underlege draumen for kyrkjelyden.

Draumkvedet er eit visjonsdikt, truleg frå slutten av mellomalderen. Mange komponistar, som Ludvig M. Lindemann, David Monrad Johansen, Sparre Olsen, Eivind Groven og Arne Nordheim, har latt seg inspirere til å komponere nye versjonar av visjonsdiktet.

  • Pris: 200 kr
  • UngINN-pris kr 50 (for alle mellom 13 og 21 år)
  • Konserten er støtta av Norsk Kulturfond
  • Arr: Hilme året rundt

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Onsdag 4. januar kl. 18.00
Stad: Volbu kyrkje, Volbu
Pris: 200 kr