Er du for ung til å stille på kappleik? Fortvil ikkje, i år blir det eigen sjokoladekappleik for dei yngste på Hilme! Her kan ein stille opp med song, dans og spel.
Vil du vere med? Så bra! Då melder du deg på hjå damene på festivalkontoret.
Framføringane blir lønte med vel fortent sjokolade og gode råd frå Hilme sitt hyggelegaste dommarpanel!