I over 60 år har kappleiken på Jørn Hilme-stemnet vore ein viktig del av festivalen.
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Frå påmeldinga opnar, kan du melde deg på heilt fram til siste kappleiksdag laurdag 15. juli. Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Marianne Trøyflat: marianne.gt@gmail.com | 988 18 871. Startlister blir publisert etter kvart.
For seniorar kostar det 200 kr å delta, for junior og rekrutt er prisen 100 kr. Strunkeelevane deltek gratis. Gratis inngang for alle publikummarar!
Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei med høgast poengsum – uavhengig av klasse – går vidare til finalespel. Vinnaren her tek med seg 10 000 kr, medan andre- og tredjepremie er på 5 000 kr og 2 000 kr.
Kappleiken har totalt ni klasser:
Open klasse
Eldre folkemusikkinstrument
Halling
Hardingfele / vanleg fele
Pardans
Samspel av alle slag
Toradar/trekkspel
Vokal
Lagdans
Velkomen på kappleik!