Internasjonal kvinnefest. Konsert med Djønne & Børsheim


KONSERT: 8. mars markerer vi den internasjonale kvinnedagen med fest i Festsalen på Valdres Folkemuseum!

Det blir konsert med duoen Djønne & Børsheim, appell ved Ellen Persvold, intervju med Salima og Berguy frå Internasjonalt kvinneforum, og servering av mat frå mange land! 

Konsert med Djønne & Børsheim:

"Det er litt av ei slumpelukke – to musikalske damer, den ene fra Ulvik og de andre frå Djønno, og så passer stemmene deira så fantastisk godt saman!" - salt-peauts.eu, 2023

Djønne&Børsheim har spelt og komponert musikk saman i 15 år og har turnert ulike stader i Noreg og Europa. I 2012 gav dei ut plata «Toras Dans – Populærmusikk frå Hardanger» som fekk gode meldingar og mottaking. Repertoaret deira er i hovudsak eigen musikk og tekst med inspirasjon frå folkemusikk og Hardanger, ispedd viser og pop.

Annlaug Børsheim er født og oppvaksen i Ulvik i Hardanger, no busett i Bergen. Ho er utdanna folkemusikar ved Høgskulen i Telemark og ved Ole Bull Akademiet på Voss. Den allsidige folkemusikaren skriv både eigen musikk og tekst og gav i 2010 ut sitt fyrste album som soloartist, «November», på sitt eige plateselskap, Fivreld. I 2022 var ho aktuell med plata “Alle har en liten dør bak øret”, der ho har spela inn songane og all musikken til teaterserien med same namn. Annlaug speler i Frode Grytten Beat Band og samarbeider tett med skodespelar og regissør Vibeke Flesland Havre i ulike produksjonar. Ho har tonesatt tekstar av ei rekke forfattarar som Ruth Lillegraven, Hilde Myklebust, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad og jobbar innanfor eit vidt spekter av sceniske uttrykk. Annlaug hadde i 2016 statens kunstnarstipend i kategorien populærkomponist. 

Rannveig Djønne er født og oppvaksen på Djønno i Hardanger, der ho no også bur. Rannveig vert omtala som ein nyskapande toradarspelar med eit solid fotfeste i tradisjonsmusikken frå Hardanger og Voss. Ho nyttar toradaren sin i spekteret frå kyrkjemusikk til å gjesta i progrockband. Folkemusikkutdanninga har ho frå Ole Bull Akademiet på Voss. Debututgjevinga, «Spelferd heim» (2008) hausta strålande meldingar. I 2011 komponerte ho m.a. ei folkemusikkmesse for Hardanger på oppdrag frå Ullensvang kyrkje. Denne messa er mykje nytta også i dag. I 2011 fekk Rannveig Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend innan kategorien Lyd, der hennar evne som komponist vart særleg framheva i grunngjevinga. I 2014 skreiv ho musikken til framsyninga «Soga om Seselja» basert på Ruth Lillegraven si kritikarroste diktsamling «Urd».

Annlaug Børsheim: Hardingfele, Hardanger d’amore, gitar og song Rannveig Djønne: Toradar og song

  • Ordinær: 230 kr, medlem i internasjonalt kvinneforum: 100 kr, 13-21 år: 50 kr
  • Gratis for dei under 13 år
  • Konserten er støtta av Norsk Kulturfond 
  • Arr: Hilme året rundt i samarbeid med Internasjonalt kvinneforum

Velkomne!

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Fredag 8. mars kl. 18.00
Slutt: Fredag 8. mars kl. 21.30
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Pris: Ordinær: 230 kr, medlem i internasjonalt kvinneforum: 100 kr, 13-21 år: 50 kr