Er du for ung til å stille på kappleik? Fortvil ikkje, i år blir det eigen småkappleik for dei yngste på Hilme! Her kan ein stille opp med song, dans og spel.
Vil du vere med? Så bra! Då melder du deg på festivalkontoret.
Framføringane blir lønte med vel fortent snop og gode råd frå Hilme sitt hyggelegaste dommarpanel!