Småfolk 1: Hans, Jo!


Hans Hulbækmo og Jo Einar Jansen elskar å leike med musikk. Når dei er ute på musikalske turar, blir gjerne vegen til medan dei går. Og no kan du få vere med på turen!


Dei fleste slåttane har dei laga sjølve, men dei har òg med nokre tradisjonelle melodiar frå Tolga, Trøndelag og områda bort mot Sverige og Finland.


Hans og Jo Einar vaks opp i kvar sin musikkfamilie. Mødrene deira song mykje, og det var dei som gjorde at gutane møttest då dei var små og lovande musikarspirar. Sidan så har Jo Einar studert folkemusikk i fleire nordiske land, og kanskje har du høyrt han i gruppene Moenje, Rim eller når han spelar styltefele saman med Kartellet? Hans spelar også i mange ulike band, og blant dei kan vi nemne Moskus og Reolo.


Velkomen til ei leiken og musikalsk reise!


Medverkande:
Hans Hulbækmo: kalebass, tamburin, munnharpe og mykje anna spennande perkusjon
Jo Einar Tobias Sterten Jansen: fele, oktavfele, song og strykeharpe

 

Foto: Tone Ingvaldsen

Småfolk
Start: Onsdag 8. juli kl. 14.30
Slutt: Onsdag 8. juli kl. 15.00
Stad: Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
Pris: Gratis