Mikrostrunk torsdag


Ikkje gamal nok til Ministrunken? Fortvil ikkje! Mikrostrunken er eit todagarskurs for dei aller minste!

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Onsdag 8. juli og torsdag 9. juli frå kl. 11.30 til 13.00 står folkemusikalsk leik, dans, song, eventyr og moro på timeplanen for ungar i alderen 3 til 5 år. Dyktige instruktørar gjev ungane eit flott møte med folkemusikken og folkedansen.  

Sjå sidene til Strunkeveko for meir informasjon. Les meir her

Valdres Folkemuseum er arena for Mikrostrunken. Oppmøte er på på grasbakken ved Jonshegge - rett innanfor inngangen til museet.

Kursdagar:
Onsdag 8. juli kl. 11.30–13.00
Torsdag 9. juli kl. 11.30–13.00

Småfolk
Start: Torsdag 9. juli kl. 11.30
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 13.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: Gratis