Ikkje gamal nok til Ministrunken? Fortvil ikkje! Mikrostrunken er eit todagarskurs for dei aller minste!
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Onsdag 8. juli og torsdag 9. juli frå kl. 11.30 til 13.00 står folkemusikalsk leik, dans, song, eventyr og moro på timeplanen for ungar i alderen 3 til 5 år. Dyktige instruktørar gjev ungane eit flott møte med folkemusikken og folkedansen.
Les meir om Mikrostrunken på sidene til Strunkeveko. Les meir her.
Valdres Folkemuseum er arena for Mikrostrunken.
Kursdagar:
Onsdag 8. juli kl. 11.30–13.00
Torsdag 9. juli kl. 11.30–13.00