Yoga før Jaslangen


Visste du at vi i Valdres har ein eigen tradisjon for musikk som berre er meint å lytte til? Lydarlåttane,  eller lyarlæte som vi seier i Valdres,  er slike låttar. Låttar utan ein taktfast rytme, men som har eit stort og rikt rom for lytting. I sommar kan du få ei oppleving som gjer godt for kropp og sinn når folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet og Nøsen Yoga og Fjellhotell slår seg saman og skipar til Yoga før Jaslangen. Her kan du vere med på ei oppleving med lyarlæte og sjelefred når vi kombinerer ei god økt med mjukyoga med tonar frå hardingfela.

Den meritterte spelemannen Jan Beitohaugen Granli stiller med hardingfele og ein rik bukett med lydarlåttar samstundes som instruktørar frå Nøsen Yoga og Fjellhotell guidar deg gjennom øvingar som vil gje deg ro og velvære. Denne økta passar for alle, anten du er heilt fersk eller har drive med yoga tidlegare.

Nøsen Yoga og Fjellhotell opnar spa-avdelinga si for deltakarane etterpå. Det vil også bli høve til å bestille ein middag på Nøsen.

Og ja, du rekk både yoga og middag før konserten med Ragnhild Hemsing på Jaslangen seinare same kveld.  

Velkomen til ei sanseleg oppleving på vakre Nøsen!

 

Billettar til yogaklasse og eventuelt middag bestiller du her på nettsidene til Nøsen Yoga og Fjellhotell.

Konsertar
Start: Tysdag 7. juli kl. 17.00
Slutt: Tysdag 7. juli kl. 18.30
Stad: Nøsen Yoga og Fjellhotell
Pris: Yogaklasse: 350 kr / Treretters middag: 400 kr / Pakkepris (yoga + middag): 700 kr