Hardingfelespelar Sivert Holmen legg ut på ny vandreturné sommaren 2026. Turnéen er inspirert av to hardingfelelegender og vandrepionerar, Knut Lurås (1782 1843) og Jørn Hilme (1778–1854), og ruta går frå Luråsgrend i Tinn til Fagernes i Valdres.
Langs den om lag 200 kilometer lange ruta blir det åtte konsertar, og i kveld blir turnén avslutta med konsert på Valdres Folkemuseum. Kvar konsertplass får sin unike konsert med lokale låttar, musikalske forbindelsar mellom den aktuelle staden og Lurås/Hilme, og improvisasjon over dagens vandring. På denne siste og avsluttande konserten blir temaet ingen ringare enn Jørn Hilme sjølv. I tillegg vil også Sivert dele frå turen han hatt. Gjesteartistar på konserten er dei unge, virtuose felespelarane Frida og Marte Haltli. Frida og Marte er to nysgjerrige, dedikerte og leikne musikarar – gjesteartistar i Jørn Hilmes ånd.
Bli med å vandre på vandreturné!
Sivert Holmen ønsker å ta med publikum på delar av vandreturnéen, og håpar spesielt folk har lyst til å bli med på å gå avslutninga av turen! Den går frå sjølvaste Hilmishagin til Valdres Folkemuseum.
Oppmøte i Hilmishagin 9. juli 15.30!
Turen startar på heimplassen til Jørn Hilme, Hilmishagin. På hustuftene til den legendariske spelemannen og namnefaren til Jørn Hilme-stemnet blir det litt Hilmeslåttar og Hilmisprat før publikum går i samla flokk til Valdres Folkemuseum. Turen er omlag 6,5 km og går i fint skogsterreng og kulturlandskap over Fodnes, Fodnesåsen og Vardakamben. Vi reknar med å bruke to timar på turen og vel ankomne på Valdres folkemuseum kan ein kjøpe seg middag før kvelden går i gang med konsert med Gabba, quiz, rengje-konsert med Sivert Holmen, Marte og Frida Haltli og dans. Vel møtt!
Påmelding til sivert.holmen@gmail.com
Parkering: Det er plass til nokre biler langs vegen. Det er også mogleg å parkere på Uppheim. Uroa for korleis du skal få henta bilen? Gje eit hint så ordnar vi felles skyss attende
Velkomne til ei eksklusiv konsertoppleving i fotspora til Jørn Hilme og Sivert Holmen.
For meir informasjon om vandreturneen, sjå heimesidene til Sivert.
Foto: Jørn Ranum
Prosjektet er støtta av Kulturrådet.