«Låttar frå Hallingdal og Valdres». Åsmund Fauske Jøtun og Sindre Tronrud


Gjennom historia har det vore tett kontakt mellom Hallingdal og Valdres. Desse møta har sett spor – både i forteljingar og i sjølve musikken. Mange låttar finst i begge tradisjonane, der dei har utvikla seg vidare i møte med ulike spelemenn.

Jøtun & Tronrud lyftar fram desse felles låttane og synleggjer både likskapane og ulikskapane som har oppstått mellom tradisjonane. Med respekt for historia og blikk for nye impulsar utforskar Jøtun & Tronrud eit rikt og levande felleskap mellom Hallingdal og Valdres.

Kaffi, kringle og gode høve for småprat følgjer billetten - vel møtt til ein triveleg kveld på Bolstad!

Adressa er: Bølstadgoto 16, 2943 Rogne

Parker nede ved Malemester Dalen eller ved gamle Coop på andre sidan av vegen og spaser det siste stykket. Konserten er inne i eit ombygd fjøs, det er sitteplassar til alle, men det kan vere lurt å ta med varme klede. 

Medverkande:
Åsmund Fauske Jøtun, hardingfele
Sindre Tronrud, hardingfele

Foto: Anders Lillebo

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Måndag 6. juli kl. 19.00
Slutt: Måndag 6. juli kl. 21.00
Stad: Bolstad, Rogne