Jørn Hilme-stemnet varar heile året!
Konsertserien «Hilme året rundt» er ei heilårsscene som arrangerer konsertar og framsyningar for eit breitt publikum i Valdres. Hovudarenaen til Hilme året rundt er Festsalen på Valdres Folkemuseum, men scena samarbeider også med andre, lokale arrangørar rundt om i Valdres. På programmet er det mellom anna solo- og duokonsertar, familieframsyningar, ensemblekonsertar og dansearrangement! Arrangementa er opne for alle, anten du er fast inventar på festivalen eller berre nysgjerrig på folkemusikk.
ticketco.events eller kan kjøpast i døra.
Foto: Anne Marte Før
Dei reisande sin kulturkveld
Konsert med Laila Yrvum
I mange bygder i Sør-Noreg – inkludert Valdres – har tatarar/romanifolk gjennom hundreåra reist gjennom, arbeidd, handla og hatt kontakt med lokalbefolkninga. Dei reisande har vore ein del av det historiske kulturlandskapet i Valdres, men det finst lite dokumentasjon på dette i musea. No inviterer vi til dei reisandes kulturkveld - med kulturelle innslag, foredrag og konsert! Kanskje har publikum også minner, foto eller erfaringar dei vil dele? Alle er velkomne!
I Valdres blir det òg konsert med Laila Yrvum. Yrvum har gjennom over 20 år som songar og folkemusikar vore ein av våre fremste formidlarar av romanifolkets kultur. Ho er sjølv frå ei kjend musikar- og kunstnarslekt med røter på Tynset og Nordmøre, og er direkte etterkomar etter kjende spelemenn som Fant-Karl og Spel-Fredrik. Etter debutplata Gia (som tyder «syng» på romani) har ho gitt ut fleire kritikarroste plater, samt boka Viser på vandring, der ho formidlar sin eigen song- og musikktradisjon. Yrvym kjem saman med Leiv Solberg, Oluf Dimitri Røe og Christin Andersen.
Meir informasjon om arrangementet finn du her: Valdresmusea.
Arrangørar: Valdresmusea, Innlandet fylkeskommune, Hilme året rundt, Taternes Landsforening, kunstnarane Helen Borge Johansen og Hilde Iren Borge, samt andre interesserte i lokalmiljøa
Gratis!
Hilme året rundt
Start: Tysdag 8. september kl. 18.30
Slutt: Tysdag 8. september kl. 21.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Pris: Gratis
Mamelukk og Barokksolistene: «The Dancers’ Brew»– ein fest av ei forestilling!
Mamelukk og Barokksolistene: «The Dancers’ Brew»
Hilme året rundt er glade for å presentere denne produksjonen i samarbeid med Musikk i Innlandet. Med «våre eigne» folkedansar Silje Onstad Hålien (koreograf og kunstnarisk leiar), Anita Vika Langødegård, Brigitte Blomlie og Silje Risdal Liahagen i Mamelukk Dansekompani som saman med Baroksolistene skapar ein ei forrykande forestilling!
I oktober blir det endeleg Innlandet-premiere på The Dancers Brew, ein produksjon med to av Norges ledande ensemble innan sine felt, musikkensemblet Barokksolistene og Mamelukk dansekompani. Publikum kan forvente ei sprudlande blanding av musikalske krumspring og danserisk virtuositet. I «The Dancers’ Brew» blandast tidlegmusikk, folkemusikk og dans i ei magisk og lekande forestilling.
Gjensidig beundring – Nyskapende samarbeid
Då Barokksolistene og Mamelukk dansekompani møttest for et spontant samarbeid Den Ny Opera i Danmark sommaren 2023 fann dei umiddelbart tona. Boblande av gjensidig beundring og inspirasjon har dei no kokt saman eit heilt nytt samarbeidsprosjekt, “The Dancers’ Brew”, der drikkeviser og slåttestev virvlast opp, og musikarar og dansarar smelter saman i ei forestilling full av leik og nyskaping.
Om utøvarane:
Om Mamelukk dansekompani
Mamelukk dansekompani består av sterke, kvinnelege dansaren med en felles kjerne i folkemusikk og -dans. Kompaniet er kjent for si saumlause samanfletting av musikk, dans, tradisjon og samtid. Utforsking av musikalitet, stemmebruk og feminin tolking av bevegelsesmateriale med rot i folkedansen står sentralt i kompaniets kunstnariske uttrykk. Kunstnarisk leiar for Mamelukk dansekompani, Silje Onstad Hålien, er kjent for å gjera folkemusikken og -dansen tilgjengeleg for eit bredt publikum.
Mamelukk Dansekompani: Silje Onstad Hålien, Anita Vika Langødegård,Brigitte Blomlie, Silje Risdal Liahagen
Om Bjarte Eike og Barokksolistene
Bjarte Eike er ein norsk barokkfiolinist som har gjort det stort i utlandet. Gjøvikensaren med ein søken etter å bryte ut av det «klassiske» mønsteret drog til England for å studere og knytte kontaktar. Saman med ensemblet Barokksolistene, som han starta i 2005, har han hatt eventyrleg suksess i utlandet, bl.a. med konseptet «The Alehouse Sessions», som vart til ein film vist i beste sendetid på BBC våren 2023. I 2025 feira Barokksolistene 20-årsjubileum med spennande prosjekt og framføringar både i Norge og internasjonalt. Bl.a. spelte dei konsert saman med Silje Onstad Hålien og Silje Risdal Liahagan i Royal Albert Hall, som en del av BBC Proms.
Barokksolistene: Bjarte Eike (NO) - fiolin, Milos Valent (SK) - fiolin/bratsj, Fredrik Bock (SE) - gitar/charango, Per Buhre (SE) - bratsj, Johannes Lundberg (SE) - kontrabass, Helge Andreas Norbakken (NO) - perkusjon, Steven Player (UK) - barokkgitar, Hans Knut Sveen (NO) - harmonium/ cembalo
Ein fest for publikum
Både Barokksolistene og Mamelukk er kjend for sine energiske framføringar og nyskapande arrangemen, i tillegg til ein eineståande evne til å kommunisere med publikum. Med eit repertoar som spenner frå sarte melodiar frå barokken til pulserande dansemelodiar, lovar dei å skape ein stemning som får både hjarte og føter til å danse.
- I denne forestillinga ønskjer vi å skape ei fortelling rundt korleis musikken og dansen er knytt til sosiale samkome, i det daglege men også i samanheng med livets store hendingar. Samtidig er det viktig for oss at publikum tar del i konsertane, og skjønner at dette faktisk foregår her og no, seier Bjarte Eike, kunstnarisk leiar for Barokksolistene, og Silje Onstad Hålien, kunstnarisk leiar og koreograf for Mamelukk dansekompani.
“The Dancers’ Brew” hadde premiere på Riksscenen oktober 2024, og er vist både under Osafestivalen og Førdefestivalen. Produksjonen er coprodusert av Musikk i Innlandet og Riksscenen. The Dancers’ Brew vann Folkelarmprisen for beste produksjon i 2025.
Foto: Knut Utler
Arrangørar: Musikk i Innlandet og Hilme året rundt
Hilme året rundt
Start: Laurdag 17. oktober kl. 19.00
Slutt: Laurdag 17. oktober kl. 21.00
Stad: Fagernes kulturhus og Kino
Pris: Born (u. 13 år): Gratis. Ordinær: 375. Honnør: 275. Student: 200. Under 25år: 200. UngINN (13-21år): 100.
Østerlide
Konsert med Østerlide
Østerlide består av songaren Liv Ulvik, Andreas Haddeland, gitarar og Ulrik Ibsen Thorsrud på slagverk. Når folkemelodiane og -historiene formast på nytt i Østerlide si lydverd får dei nye sjatteringar av fargar, lys og skugge, men er framleis dei same: – Nye og gamle på same tid! Østerlide kler folkemelodiane i nye drakter, av florlette, såre, lyse, mørke, sterke og røffe fabrikat. Skimrande som sol på vatn snor vokal og klokkespel seg rundt drypande perler av gitar. Lyse og eteriske lydbilde avløysast av drivande gitarriff og perkusjon på full guffe. Vi får servert bloddrypande historier frå mørkaste middelalder, mirakel og gjengangar, kjærleik og inderleg himmel-lengsel. I sentrum står som før dei uslitelege og tidløse folkemelodiane som er forma og slipt gjennom århundrer.
«Liv Ulviks svimlande vakre kveding møter det botnsolide kompet Andreas Haddelands strenger og Ulrik Ibsen Thorsruds perkusjon, og saman lagar dei fascinerande og fengslande musikk» (Folkemusikk)
Foto: Thor Brødreskift
Konserten er støtta av Norsk Kulturråd og Innlandet fylkeskommune
Arrangerast i samarbeid med Valdres folkemuseum
Hilme året rundt
Start: Sundag 1. november kl. 19.00
Slutt: Sundag 1. november kl. 20.30
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Pris: kr 300 (vaksen) / kr 100 (UngINN 19–21 år) / gratis under 19 år
FolkKlubb
Velkommen til FolkKLUBB!
Gjer deg klar for ein intens og tettpakka kveld med springar, bonde, kræsjkurs i folkedans, lokale musikarar og klubb-kongane med Kenneth Lien&Center of the Universe!
Programmet for kvelden er under utarbeiding. Meir informasjon om innhald, billettar og tider kjem seinare.
Arrangementet er støtta av Norsk Kulturråd og Innlandet fylkeskommune.
Arrangørar: Hilme året rundt om Valdresmusea
Hilme året rundt
Start: Fredag 13. november kl. 19.00
Slutt: Laurdag 14. november kl. 01.00
Stad: Festsalen Valdres folkemuseum
Familieforestilling med Margit Myhr og Silje Risdal Liahagen
Er heime der du bur?
Alle treng ein plass å kalle heim. Ein bygning eller stad å reise heim til kvar dag; trygg, utrygg, liten, stor -den ser ulik ut rundt om i verda. Nokon må reise eller flykte frå heimen sin. Somme lengtar heim. Andre er usikre på kor heimen er, kanskje har dei fleire, eller ingen. Ylva er ei jente som oppdagar at heime kanskje ikkje er det ho har trudd heile sitt korte liv, for er heimen hennes kanskje ikkje eit hus likevel? Ho legg ut på ei reise for å finne ut av dette og møter fleire dyr og menneske som alle har ulike svar.
Med musikk henta frå hallingdalstradisjonen, nyskreve manus av Sigmund Løvåsen og folkedanssteg som gir liv til ulike dyr og menneske, blir borna tatt med på Ylva si reise på søken etter kva heime eigentleg er.
Forteljing, song og dans - Silje Risdal Liahagen
Forteljing, song og dans - Margit Myhr
Manus: Sigmund Løvåsen
Ytre auge: Maria Drangeid.
Foto: Thor Hauknes
Forestillinga er ein samproduksjon mellom Liahagen & Myhr, Riksscenen og Sprang, og er produsert med støtte frå Kulturtanken og FFUK.
Arrangementet er støtta av Norsk Kulturråd og Innlandet fylkeskommune.
Arrangerast i samarbeid med Valdres folkemuseum.
Hilme året rundt
Start: Sundag 15. november kl. 14.00
Slutt: Sundag 15. november kl. 15.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: Barn gratis (0-18) / UngINN (19-21) kr 100 / Vaksen kr 300
Tidlegare hendingar
50-7-52 Runddansmusikk frå Hallingdal
Hilme året rundt
Start: Fredag 5. juni kl. 19.30
Slutt: Laurdag 6. juni kl. 00.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Pris: kr 300 (vaksen) / kr 100 (UngINN 19–21 år) / gratis under 19 år. OBS! Sesongkort vår, Hilme året rundt kr 800
Tvillinglyrene // Familieforestilling
Martin Steinum Brun og Silje Onstad Hålien
Les meir
Hilme året rundt
Start: Sundag 3. mai kl. 14.00
Slutt: Sundag 3. mai kl. 15.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: Barn gratis (0-18) / UngINN (19-21) kr 100 / Vaksen kr 300. OBS! Sesongkort vår, Hilme året rundt kr 800
Påskefesten: Konsert // Dansefest // Utdeling av Drømmestipendet
Hilme året rundt
Start: Laurdag 28. mars kl. 18.30
Slutt: Laurdag 28. mars kl. 01.00
Stad: Tingvang, Øystre Slidre
Pris: kr 300 (vaksen) / kr200 (medlem i Øystre Slidre spel og dansarlag / kr 100 (UngINN 19–21 år) / gratis under 19 år. OBS! Sesongkort vår, Hilme året rundt kr 800
Kvinnedagsfest // Konsert med Onstad/Wallumrød
Hilme året rundt
Start: Sundag 8. mars kl. 18.00
Slutt: Sundag 8. mars kl. 21.30
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: kr 300 (vaksen) / kr 150 (medl. Intern. kv.forum) / kr 100 (UngINN 19–21 år) / gratis under 19 år. OBS! Sesongkort for Hilme året rundt kr 800
Brev frå Amerika // Konsert med Stampestuen & foredrag med Linda Stewart
Hilme året rundt
Start: Torsdag 20. november kl. 18.00
Slutt: Torsdag 20. november kl. 20.30
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: Vaksen kr 250 / Barn gratis (0-12) / UngINN kr 50