Joikemeistaren John André Eira frå Mazé, Guovdageaidnu, tek med seg to av sine medmusikantar frå gruppa Gabba og held ein intimkonsert der joiken er i førarsetet.
John André Eira er nyleg tilsett som landsdelsmusikar i joik i Troms fylkeskommune, og no er han klar for å gje Hilmepublikummet ei stor oppleving i den gamle skulestova. I gamle Høyne skule er musikarar og publikum tett på kvarandre, noko som innbyr til ei nær og autentisk musikkoppleving.
Denne konserten er eit samarbeid med Valdres Folkemuseum, og inngangsbilletten på museet gjev inngang på denne konserten.
Foto: Jonas Eriksen